fredag 18. januar 2013

Har du hørt om

Blink-buksene i butikken
(Langgata 48, Sandnes)

Viss ikkje bør du ta deg ein tur innom å prøve!


Så gode! 
Passformen er super, i alle fall for meg som både har breie hofter og store lår!
Litt strech i stoffet, og dermed får du den tilpassinga du behøver c,")



Tøffe detaljer på sjølve buksa, og litt røffe kanter på lommene.
(viser dårlig på bilde, dessverre)


Som du ser sitter den fint over rompa og c,")
Ein viktig detalj c,")
Buksene sitter veldig fint i livet. Eg har belte på kun for litt ekstra bling c,")

Denne veka er det til og med salg på dei!

Butikken har og alt fra L:A Bruket-såper til store møbler, og har koseligste atmosfæren!
Så absolutt vært å ta turen innom!

Ha ei super helg!

Found some awsome jeans at my favorite store!
Blink-jeans!

Have å nice weekend!

tirsdag 15. januar 2013

Den usynlige sekken

er alltid på!
Nokon dager er den ganske så tung, andre dager er den så godt som tom, 
men den henger der.
Og eg kan ikkje ta den av, uansett kor mykje eg skulle ønske.
Den inneheld det ingen ser, 
om ikkje ansiktet mitt ber preg av at den er tung...
Kanskje eg allereie har teke noko som skal hjelpe litt på tyngda,
og kanskje må eg gjenta det i løpet av dagen.


Av og til blir eg så motlaus og sliten av å ha den sekken på.
Kunne ha hiva den dit pepperen gror!
Hadde den bare vore synleg! Som gips på ein arm.
Eller kanskje eg skulle ta på ein bandasje på hovudet dei dagane det seier stopp?
Då energien er vekke og eg bare vil sove?
For det er slitsamt å gå trøytt kvar bidige dag, aldri vakne utkvilt. 
Kjenne at det har vore endring i klima iløpet av ei natt.
At det er så mykje betre å krype opp i sofaen å bare vere med seg sjølv, enn å gå i det selskapet ein er invitert i.
Vite at smellen kjem, kanskje ikkje i morgon men dager etter det, om ein har vore veldig ivrig og bruka opp den lille energien som kom av trilleturen i finveret.
For det står aldri 100% på batteriet..


Det har vært deilig med ein sekk som nesten har vært tom i nesten et år nå, og det uten medisiner!
Nyter det så godt eg kan, og prøver å ikkje tenke på når det ikkje går lenger - for den dagen kjem...

Merkelig å tenke på at eit lite mirakel kan gjere at kroppen glømmer sekken ei stund.


Hadde vore så mykje enklare om den usynlege sekken var synleg...

Bare eit lite hjeresukk i dag.
Er glad veret er så stabilt som det er for tida! Nyt det!
Ha ei flott veke!


Just å little sigh from the hart today..
Have a nice week! Love the nice and cold weather we have here!

fredag 11. januar 2013

Deilige farger

Er gode å omgi seg med!

Og eg likar det i alle mulige former! 
Så når dei kjem i form av kjøkkenhandklede og klutar, blir eg veldig glad!

Godt med litt fargeklattar!

Kven blir ikkje i godt humør av desse?! 
Og når det kom som julegåve, blir eg bare endå meir fornøgd!
Nå kan våren bare vente litt, for eg har ått den inn i huset c,")

Got some very nice towels for Christmas! Looking forward to use them!

torsdag 10. januar 2013

Så heldig!

Ja mannen lurte verkelig på om eg hadde klikka, 
då eg satt og storsmilte og lo for meg sjølv her ein kveld før jul c,")
Men eg hadde bare fått ein koseleg kommentar fra Jessica!
 "Kan eg få adressa di? Du har vunne give-awayen hos meg!!"

O glede stor! For der var det jo bare så koselige julepremier!
Også fra Nyblom Kollén! Åh som eg gleda meg!

Og så kom premien, og den var bare så koselig!
Skikkelig jul!
Bare se her!



Ein flott duk med koseleg teks. 
Ein stor julesokk, som nok blir tulla mi sin når den tid kjem.
Og ikkje minst den koselege stjernerekka!

Både duken og stjernerekka blei bruka nå i jula, og kjem til å vere fast inventar framover.

Her skin sola, så tenker at det nok blir ein tur ut litt seinare i dag c,")

Ha ein flott dag!

I won a give-away before Christmas! 

onsdag 9. januar 2013

Velkommen!



Ja då var det nye året vel i gong.
Jula er rydda vekk, kvardagen er komen tilbake.

Mange tanker har eg gjort meg den siste tida. 
Etter ein tung haust, der bloggen absolutt ikkje har vore prioritert, 
har eg bestemt meg for å starte det nye året med blanke ark. 
Skal lære meg å ikkje sjå rundt på andre blogger,
 å tenke at eg ikkje er godt nok til å halde på.
For tanken har vore der ofte. At eg ikkje tek gode nok bilete 
(ja eg ønsker meg nytt kamera til 30-årsdagen c,"))
At min stil ikkje er godt nok styla, stilig nok, eller bare rett og slett kjedelig!
Men nå har eg bestemt meg for at eg duger, 
sjølv om eg ikkje har råd (eller likar) til det nyaste på interiørfronten, 
og ikkje tenke at eg er dårlegare enn de andre.
At min stil og mitt interiør faktsik er godt nok, for det er det eg likar!
At eg skal bruke andre bloggar endå meir til å sjølv bli inspirert av det som blir vist.
Lære meg litt meir om tanken bak stylinga, for så å bruke det hos meg.
Prøve å se på mitt eige med nye auge, og bruke det på nye måtar.

Handle det eg sjølv vil og likar, bruke det eg har, pusse opp og male på nytt. 

Og i år kan eg love at det faktisk kjem ei ganske lang ønskeliste til fødselsdagen min i mars c,")

Nå må eg bare få litt energi tilbake, etter både omgangssjuke 
og litt baksmell med feber og vondt i hodet, 
så eg får opp kameraet mitt og finne ut korleis eg vil ha det rundt meg c,")

Har gjort ting allereie som eg aldri har gjort før, så trur eg er litt på gang!

Som det ser, og mange har fått med seg, 
har eg endelig fått somla meg inn på Instagram c,")
@fruherogder er navnet c,")

Så nå har eg bestemt meg, for å fortsette her inne, 
for det er jo eigentlig veldig kos dette her!
Bare det å sjå kor mange som har vore her inne i dauperioden min, gjer meg så glad!!

TUSEN TAKK!

Beklager lang tekst i dag, men sånn blei det nå bare c,")

Håper du har ein god start på det nye året!


Welcome 2013! I have decided to continue to blog after a lot of thinking.
I have come to the conclution that my taste is as good as others, so here I am!

Hope you have a nice start of the new year!