Dagens plan var LOPPEMARKED :) Det verkar som dei fleste skulane i Stavanger, som kvar vår har loppemarked, har vald same helga :) Og det gjer meg ingen ting :) For meg blei det to plassar som fekk besøk. Første plass var det lite å sjå, så då gjekk vi ganske fort. Men neste plass er kjent for å ha mykje fint, og det pleier som regel å vere kø der. Og det også i dag! Det opna kl 12, og då klokka var halv tolv var det allereie kø! Det gode veret satte i alle fall ingen stopper for oppmøtet!
Og lopper vart det! Så fornøgd!
God avkastning for pengene, og planer for loppene :)
Og ikkje minst har eg fått tak i noko eg har ønska meg ei stund! Det andre eg har loppa i dag, har eg tankar om bruken av, så ingen handel utan plan :)
Her skal de få sjå dei, for meg, fantastiske tinga eg har funne i dag:
Dette flotte, men litt slitte og velbrukte, syskrinet blei med meg heim! Og det kom med innhald :)
Planen er at det skal målast om og verkeleg bli teke i bruk! :)
Dette nostalgiske og flotte fatet skal så brukast framover :) Kjenner minnene frå barndomen hjå besteforeldra mine kjem snikande :)
Som dei næraste undt meg veit, er eg veldig BLÅ. Det er verkeleg den finaste fargen eg veit, somregel uansett nyanse :) Så det er mykje av det hjå oss :) Dette fatet skal nok verkeleg komme til sin rett etterkvart, med både blomar og andre ting i :)
Dette flotte glaset, som ikkje er Norgesglass, skal få lit pynt på seg, og skal så få verke som oppbevaring til telys :)
Dagen har vore kjempekjekk :) Kjem til å leve ei stund på den :)
Ha ein fortsatt flott laurdagskveld :)
1 kommentar:
Glad i loppemarked?
Få med deg hvor og når det skjer:
http://www.facebook.com/nipsogtips
Legg inn en kommentar