fredag 3. januar 2014

Nytt år - nye mål!

Eller forsett om du vil. c,")

Men eg har faktisk valgt og sette meg mål. 
Kjennes litt lettare å halde då syns eg c,")

Eg er egentlig ikkje så mykje for ambisiøse nyttårsforsett, 
og har derfor aldri hatt det.
Men det er vel alltid tid for forandring c,")

Så her kjem nå mine val då:

1. Er faktisk å prøve å blogge litt meir aktivt. 
Kjenne at det eg har, gjer og syns om faktisk er bra nok!




Fekk denne nydelig tavla av foreldra mine. 
Den er fra 1800 talet og har vært i slekta sia då.

2. Skal bake meir og nyte å bruke Kenwooden min,
 som til nå har stått alt for mykje stille.



Fekk fleire av Manuela sine bøker til jul, 
og skal virkelig prøve meg på ulikt derfra


3. Har lært meg strikke i 2013, 
skal utfordre meg på dette i løpet av året som ligg føre.
Og samtidig skal det sparast for kvart nytt nøste som blitt tatt i bruk, så får eg sjå kor mykje det blir.


Starten på ei ny lue til tulla mi som behøvde ei lue med øreklaffer på. 
I Setesdalsmønster.

4. Det største målet mitt dette året, 
er faktisk at eg har tenkt å ha shoppe stopp på nytt interiør!
Oioi, dette kan bli vanskelig! Men har bestemt meg for å bruke det eg har her allerede, utfordre meg sjølv på gjenbruk og kreative løysinger på med dette.
Det gjeld ikkje møbler c,") 
Vi har planer om ny sofa og få rydda opp og få gjort klart rommet til tulla.


Min flotte store Kähler-vase er fyllt opp av flotte blomar,
 som er ei blanding av nyttårsbukett og venne blomar c,")  

Så får vi sjå korleis det går c,")

Har litt andre småting eg og har planer for,
 men det tar eg som det kjem. 

Så får eg vel prøve å huske og oppsummere om eit år, 
om eg har klart å gjennomføre c,")

Hei ei supergod helg!

Some of my goal for the new year! 
Have a very nice weekend!

torsdag 2. januar 2014

GODT NYTT ÅR!

2014

Ja kva bringer du? Fort kom du i alle fall c,")

Vi er allerede 2 dager inn i nytt år, og det kjennes litt som at jula bare kom og forsvant..
Takk og lov for at vi feira jul hos mine foreldre i år (eller i fjor), for ellers trur eg ikkje det hadde blitt mykje gjort.
Vi har hatt sjukdomsjul med stor S! 
Mannen fekk stille lungebetennelse påvist ei veke før jul.
 Bare nokre dagar før sa ryggen til underteikna i fra om at den ikkje ville vere med lenger.
På lillejulaften bare det på legevakta første gong med tulla vår - øyebetennelse, 
1. juledag slo sjukepleieren til å ringte legevakta igjen (i fjellheimen ringer ein legevakta for å få avtalt time med legen, kan ikkje bare møte opp liksom), for da var mannen så dårlig at t ikkje var forsvarlig lenger. Då vi skulle kjøre på legevakta oppdager vi at den slappe tulla vår med feber plutselig hadde MYKJE feber (over 40 g celsius). Så da bare det bare å putte ho og i bilen, og håpe at det ikkje var meir enn feber. 
Men joda, dobbeltsidig lungebetennelse, og full penicillinkur på henne og bytte av medisiner på mannen, og beskjed om å ikkje reise tilbake til byn før tulla var bedre...
Og som ikkje det var nok så måtte vi på legevakta igjen på 4. juledag..
Tula full av utslett så det var bare å bytte...

Jada så nei da og sånn var det..

Men, vi hadde jo klart å gjere litt heime før vi reiste, og det var veldig koselig å komme heim igjen til pynta tre og heim. Så sjølv om forma ikkje er på topp, så fekk vi nå feira litt nyttår vi og..

Så legg nå ut litt bilete av litt av det eg har pynta med i løpet av advent og jul.. 

Lite bilete tatt, men her er nå litt. De som følger meg på instagram har sett litt meir..




Ein av adventsstakene mine.. hadde fleire av dei ;) 
Denne er laga etter at eg var på ein liten inspirasjonsrunde i ulike butikker før advent.




Juletreet vårt som min mann har pynta..
Vi gjer det annakvart år, då vi har litt ulik meining om koleis det skal sjå ut c,")



Litt av pynten på treet...


I morgon kjem det litt om tanker rundt det nyet året som står framom.

Ha eit flott nytt år!

After at Christmas with mutch illness, 
here is some photos of some of the decorations we have at home..

onsdag 6. november 2013

Snart jul...

I alle fall i mitt hovud.. c,")

Er jo inne i november, og første julemarked er jo allerede besøkt c,")

Har fått fleire spørsmål om kva eg ønsker meg til jul, og kanskje det rette etiske svaret burde vært "snillt barn og fred på jorda"., men ikkje i dette hovudet.. c,")
Snill datter har eg, og freden veit eg ikkje om eg kan gjer så mykje med, og det er vel eit ønske ein alltid har..

Så her kjem noko av det eg så absolutt kunne tenkt meg låg under juletreet i år:






Some of the things I wish for this Christmas...


søndag 3. november 2013

Smart?!

Ja det vil eg sei det er c,")

Vi har nemlig funne ei veldig ok opppbevaringsløysing for oss og vesla vår!

Ja vi har jo ikkje verdens største leilighet akkurat, så smarte løysingar må til.
Så vi vrei hovudet lenge på korleis vi skulle gjere dette her c,")
Men så var det eit godt vennepar som gjorde det på denne måten, så då var det jo bare å kopiere c,")

For ja det er ikkje så greit å ha (etterkvart) ganske så mykje leiker liggande rundt heile stova liksom! c,")
Så då gjer vi det rett og slett på denne måten her:





Puffene er geniale. 
Bare å sette på lokket og alt er skjult og ein har ekstra sitteplasser c,")

Smart sant?!

Ha ei god ny veke!

Here is our storage for the toys to our little girl. 
Smart right?
Have a nice week!

fredag 4. oktober 2013

O glede stor!

Egentlig bare innom for å ønske deg god helg!

Men så kom det ein ny herlighet inn i heimen i dag!
Endelig, og gleden var stor!
Litt dårlig samvittighet fordi eg brukte penger på den, men har jo venta såååå lenge!





Den store Omaggio-vasen!
Nå står den endelig på skjenken og eg kan sitte i sofaen og bare nyte synet c,")


Sjølsagt måtte eg innom blomebutikken!
Den måtte jo få selskap c,")


Så nå kan eg bare beundre c,")

Ha ei flott helg!
Og for dei av dykk som har høstferie, nyt den!!

Today the big Omaggio-vase came in to the household!
I´m so pleased!
Have a nice weekend!


mandag 30. september 2013

Grønn sa du?

I alle fall når det gjelder lukter, i følge ekspeditrisa c,")

Igjen har eg hengt meg på utfordringa til Maia. 
Og denne ganga vil ho se perfymen min!

Og med tanke på fargen som er på flaskene, er eg vel litt grønn...

Luktene er: Appel av DKNY, Ralph Av Ralph Lauren
og nyeste lukta Aqua di Gioia.

Varierer kva slag eg har på meg, men har nok brukt mest Ralph-perfymen.
Har liksom blitt kvardagslukta mi d.

Med dette bilde melder eg meg på hos Maia..
Utfordringa avsluttas 1. oktober.


søndag 29. september 2013

Skjønt?


Fabelaktige Maia har denne måneden hatt fleire utfordringer på gang.
Og for å prøve å komme litt i bloggemodus igjen, kan eg like alle sånne utfordringer c,")

Så da dattera har kvilen sin, 
fant mammaen fram kameraet og (prøvde i alle fall å finne) kreativiteten.

Den første utfordringa eg hive meg på er den der ho vil se håndskrita vår!

Og ja den har vært i forandring i maaange år, men har vel funne "meg sjøl" for nokon år sidan. c,")

Etter at snuppa vår kom til verden har det blitt mange takkekort å skrive.
Og ja då gjer ein seg jo litt flid med skrifta, men skriv for det aller meste på denne måten.
utanom på jobb, då eg av og til må tolke mi eiga skrift..

Så her kjem eit lite eksempel:




Slenger med bilde av takkekortet og eg..

Diktet på framsida passar så bra for mi lille snuppe c,")

Om du vil se fleire utdrag, er det bare å trykke her.


Maia have had challenges going this month. 
This is my contribution.