Viser innlegg med etiketten baking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten baking. Vis alle innlegg

fredag 3. januar 2014

Nytt år - nye mål!

Eller forsett om du vil. c,")

Men eg har faktisk valgt og sette meg mål. 
Kjennes litt lettare å halde då syns eg c,")

Eg er egentlig ikkje så mykje for ambisiøse nyttårsforsett, 
og har derfor aldri hatt det.
Men det er vel alltid tid for forandring c,")

Så her kjem nå mine val då:

1. Er faktisk å prøve å blogge litt meir aktivt. 
Kjenne at det eg har, gjer og syns om faktisk er bra nok!




Fekk denne nydelig tavla av foreldra mine. 
Den er fra 1800 talet og har vært i slekta sia då.

2. Skal bake meir og nyte å bruke Kenwooden min,
 som til nå har stått alt for mykje stille.



Fekk fleire av Manuela sine bøker til jul, 
og skal virkelig prøve meg på ulikt derfra


3. Har lært meg strikke i 2013, 
skal utfordre meg på dette i løpet av året som ligg føre.
Og samtidig skal det sparast for kvart nytt nøste som blitt tatt i bruk, så får eg sjå kor mykje det blir.


Starten på ei ny lue til tulla mi som behøvde ei lue med øreklaffer på. 
I Setesdalsmønster.

4. Det største målet mitt dette året, 
er faktisk at eg har tenkt å ha shoppe stopp på nytt interiør!
Oioi, dette kan bli vanskelig! Men har bestemt meg for å bruke det eg har her allerede, utfordre meg sjølv på gjenbruk og kreative løysinger på med dette.
Det gjeld ikkje møbler c,") 
Vi har planer om ny sofa og få rydda opp og få gjort klart rommet til tulla.


Min flotte store Kähler-vase er fyllt opp av flotte blomar,
 som er ei blanding av nyttårsbukett og venne blomar c,")  

Så får vi sjå korleis det går c,")

Har litt andre småting eg og har planer for,
 men det tar eg som det kjem. 

Så får eg vel prøve å huske og oppsummere om eit år, 
om eg har klart å gjennomføre c,")

Hei ei supergod helg!

Some of my goal for the new year! 
Have a very nice weekend!

onsdag 12. desember 2012

Meir godteri..

Trur kanskje eg har lagt ut denne oppskrifta før, 
men her kjem den nå i år også c,")

Her i heimen må vi ha peppermyntestenger c,")



Ja vi lager det som stenger her i huset, men du kan veldig godt lage kuler eller andre figurer med dei c,")

Mine stenger er laga glutenfrie, da vi har venner som har glutenallergi. 
Men du kan veldig godt bare bytte ut potetmjølet med kveitemjøl.

Her kjem oppskrifta:
2 barneskeier potetmjøl
1 dl mjølk
500-750g melis
10-15 dråper peppermynteolje




Kok opp mjøl og mjølk til graut.
Ta av grauten, gjerne i over i ny bolle.
Kna inn melis til du får ein god klump med masse. 
Ta i så mye peppermynteolje, om du vil ha meir eller mindre smak,
 tek du bare meir eller mindre dråpar i. 
Deigen kan gjerne vere litt klissen, då du bruker meir melis når du bakar ut.
Lag pølser (kuler), til den tykkelsen du ønsker dei skal vere.
Del opp i like lengder og la dei lufttørke litt.


1/2 plate sjokolade
litt (ca 25g delfiafett.

Smelt sjokolade og delfiafett i vannbad eller på svak varme.
Dypp stengene (kulene) i sjokoladen. 
Eg har bare dyppa endene, da det er minst søl c,")
Når du har tatt på sjokoladen kan du rulle den i kokos om du ønsker c,")

Dette er også ein grei godis å lage sammen med barna!
Tilsett konditorfarge og det blir straks litt meir spennende
Lykke til!

Here`s another recipe from me. Peppermint sticks. So nice!
Good luck!




fredag 7. oktober 2011

Bolleoppskrift

Eg tenkte rett og slett at eg skulle legge ut oppskrifta på bollene mine. 
Dei er kjempeenkle å lage,  dei er og veldig greie å lage sammen med barn!

Eg har laga dei med vaniljekrem denne gongen, men er og veldig glad i å ha eplemos i dei! Det er kjempsaftig!


Bollene blir stekt i muffinsformer, for å holde på forma, og då kan ein jo bruke akkurat dei formene ein vil c,")

Om du bruker store muffinsformer kan det bli opptil 80 boller, ved dobbling av deigen får ein opptil 120 boller. (Då er deigen kjevla ut og skåren opp i ruter på 9cmx9cm)

Deigen:
1 pk gjær (fersk eller tørr)
200 g smør
4 dl mjølk
1 dl sukker
1/4 hornsalt
1 egg
ca. 13 dl mjøl (knapt 800 g)


Fyll:
Vaniljekrem, ferdig fra pakke eller laga av pose
Eplemos, eller anna syltetøy.


Du gjer:
Smuldre gjæren (eller bland tørrgjær i det tørre) i bakebollen. Smelt smør, tilsett mjølk og la væslka bli fingervarm (dette er ikkje så farlig om du bruker tørrgjær). Ha væske, sukker, hornsalt og egg i bakbollen, rør til gjæren er oppløyst. 
Rør inn drøyt halvparten av mjølet. Arbeid inn meir mjøl, til deigen er mjuk og smidig. 
La den heve lunt og tildekka til dobbel størrelse. Del deigen i to og kjevl kvar del ut til ein tynn og avlang eller firkanta leiv. Skjer en i ruter (9x9 cm), og legg på ein klatt vaniljekrem (eplemos) på kvar rute. Brett inn hjørna og legg bollene i muffinsfrmer. Sett på ovnsbrett. la bollene heve til dobbel størrelse. 


Varm steikeovnen til 250 grader celcius. Steikast i  ca 8-10 min.


Lykke til!

torsdag 6. oktober 2011

Bakedag og arvegods

I går var det litt bakedag her i heimen.
Og fordi vi begge jobber turnus, hadde vi ein veldig sjeldan, fridag i saman c,")

Her i huset bakar eg som regel brød, istaden for å kjøpe. Har vekse opp med heimebaka brød, og har store planer om å videreføre det c,") Og heldigvis for meg, er mannen veldig glad i heimebaka, grovt brød c,")

I går fann eg ut at eg skulle lage nokre bollar og. Og fann ut at eg skulle lage nokre kanongode bollar med vanilje i!
Fall veldig godt i smak c,")

Fekk smaka sjølv og i går, men i dag har eg planer om at eg skal nyte dei litt meir c,")

Og saman med varm kakao er dei bare kanongode!
Neste gong blir dei laga med eplemos, som eg syns er i alle fall like godt!

Eg har eit nydelig fat som eg har arva. Det fekk min kjære mormor(Gome), av morfar (Gofa) då ho fyllte 50, og det har vore flittig brukt oppigjennom alle år. Alle besteforeldra min er ikkje på jorda lenger, så eg er veldig glad for alle minner og ting etter dei.


Som de ser er bollene litt mykje stekt, men dei var veldig gode likevel c,")

Ha ein flott haustdag! 
Her skal den nytast inne, fram til eg skal på brannøvelse på jobb..

Yesterday my husband and I had a day of together . That is not something that happens often! We both working shift, but most of the time we work different shifts.
So it was so lovely to be home the both of us!

I had a baking day, because it was emty for bread in the freezer .

When I started I desided to make some buns with vanillacream inside. And it fell to tast for my husband.

The plate the buns lay on, my grandmother got from my granfather when she had her 50th birthday. and sice they both are gone now, I put a great value in to it!

Today I`m just have ha cosy day, and later off to work for a fire training.

Have a nice day!