onsdag 20. mai 2009

Snart helg igjen..


Ja då va det jammen meg snart helg igjen.. Først ei fantastisk helg med Melodi Grand Prix(Melodifestivalen), og 17. mai, så ha vi jammen meg langehelg! Men for oss nordmenn veit vi jo at mai er velig mykje fri!

Hadde ein herlig dag på søndag! Så koseleg å vakne og vite at eg hadde fri og skulle få feire med min kjære og gode venner! Fint ver og ikkje for kaldt, så kunne det absolutt bli ein god dag! Og det blei det og!Alt går kje som ein planlegg, men det gjer jo ikkje så mykje så lenge det likevel blir ein god dag!:o)

Barnetog, russetog, folketog og grillmat! Kan det bli bedre?! Is, brus og pølser, mykje folk og kjempestemning. Sånn skal det verkeleg vere! Tenk så godt og kunne få feire sitt land på den måten!


Så blei det mandag...

Tysdag kom og Torbjørg skulle streike! Det er godt eg kan få oppleve dette, sjølv om det ikkje var som sjukepleiar;o) Det var godt og vite at det ikkje var så lang dag, og at vi skulle gjere lite anna enn diskutere litt for hausten i barnehagen... (Aksjonen var for å vise politikarane at det ikkje er greit at dei legg statstøtta til private barnehagar over til kommunen!! Sjå barnehage.no)


Onsdag og det er nesten helg igjen.. Ut og handle litt på Plantasjen med Max, flr han går på jobb. Vasking av tøy og sove litt resten av dagen... Helligdag i mårra..Fotballkamp i mårra.. Og kanskje litt anna action.. Veit jo aldri..


Resten av helga går til litt jobbing.. Er visst veldig attraktiv i helga;o)

Ingen kommentarer: