Viser innlegg med etiketten Arbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Arbeid. Vis alle innlegg

onsdag 25. februar 2015

Skal, skal ikkje

Skal prøve igjen..
Etter mykje tanker fram og tilbake om eg faktisk skal bruke tid på bloggen eller ikkje, har eg kome fram til at eg igjen vil prøve å halde den oppe.

Er litt for dårlig til å ta opp kameraet og ta bilete, 
men kanskje dette kan hjelpe litt på å få tilbake fotogleden c,")
Har og vurdert sterkt om eg bare skal gå over til instagram, 
men er jo liksom ikkje heilt det same! 
Men kjem jo til å fortsette der og.

Nå må eg bare leite enda litt meir for å finne usb-en til kameraet mitt c,")
Det har jo skjedd ein heil del hos oss det siste året, 
og mykje kjem til å skje framover.
Så det er jo egentlig mykje å vise c,")

Her kjem eit lite bilete fra instagram med resultatet av stovekroken vår etter at eg impulsivt måla den rett etter nyttår..


Det finaste med bilete er hjerteknuseren som ligger å sover i sofaen c,")

Eg skal prøve å komme litt meir regelmessig her og dele med dykk, 
men vil ikkje love noko.

Ein av dei nærmaste dagane kjem der nok litt meir personlige tanker om vegen videre her inne.. Håper du vil følge meg videre på vegen!

Til alle de som er innom her: TAKK!!



søndag 26. januar 2014

Spare sa du?

Ja det var planen.
Har ikkje veldig mykje å sette til side, slik eg selfølgelig skulle ønske, 
men litt må eg da klare c,")

Så da eg fekk med meg på ei strikkeside på Facebook,
 at mange hadde lagt vekk 10 kr for kvart nøste dei hadde brukt i løpet av året, tenkte eg det må eg jo klare c,")
(off det blei ei fryktelig lang setnign)

Men så var det det da..
Eg hadde ingen sparebøsse..
Og ikkje hadde eg tid til å ut å finne det heller..
Men mannen skulle ut på handle ein dag, så da greip kona sjansen.
Finn ei billig ok sparebøsse til meg!
Og dermed ente eg opp med denne:

Og ja mannen hadde klart å finne ei med litt sting i til meg.
Han har lenge gått å mast på at han kan tenke seg et keybord..
Noe kjærringa har nekta å gi han.. Av ulike årsaker c,")

Så da kjærringa såg denne lo ho godt ja!

Men det har allerede komme litt penger i den.
Og det har dattera funne ut, så nå går ho rundt å rister på den og syns det er storarta! c,")

Holder på med nytt prosjekt, som forhåpentligvis blir ferdig i dag, så da komemr det jo litt til oppi der c,")

Her har heldigvis vinden løya litt, men ingen snø.. 
Såre naser, og masse nysing derimot har vi masse av, 
så her blir det stille og rolig dag inne c,")

Ha ein flott søndag!

One of my goals for the new year is to save some money for all the things I´m going to knit this year.
Here is my moneybox..
Have a beutyful sunday!

søndag 24. juni 2012

Stikk innom da vel!

I denne flotte butikken i Sandnes sentrum!
Swedish Grace, virkelig med atmosfære!

Her finner du flott interiør, sko og klede!
Sari (eiger av butikken), har lagt seg på ein herlig stil,
 med industri og enkle detaljer c,")

Og på toppen av det heile har Sari store flotte møbler ho henter med jevne mellom rom frå Sverige som ho sel i butikken!

Farger går i jordfarger og nydelige duse farger, med fargeklatter innimellom.

Stilen er røff, 
samtidig som den blir mjuka opp med deilige tepper og puter som ho sjøl syr c,")
(Her ser du nokon av dei større møblene, og putene ho sjølv har sauma) 

Lekre klede og sko, og accessories har ho og c,").
(alle bilder lånt fra facebook  med tillatelse av eiger)

Og på toppen av alt har ho nå flotte tilbud i butikken!

Du lurer kanskje på kvifor eg reklamerer? (om du fortsatt leser)

Jo rett og slett fordi eg er så heldig at eg har fått litt jobb her!
Og det kjennes bare heilt fantastisk!!
Tenk å få jobbe i dette flotte miljøet, nyte herlig interiør, få inspirasjon
og sist men ikkje minst få møte mykje herlige folk!!

Og på mandag har eg min første dag i butikken!!
Og er du i området og har lest dette eller fått vite det via andre, så ta gjerne turen innom!
Og nevner du at du har lest det her, eller eg kjenner deg igjen, og du handler interiør, får du nemlig 20% på kjøpet!!
Men det gjeld KUN interiør c,")

Ta turen innom da vel! 
Butikken er åpen fra 10-17.30!

Ha ein flott søndag!

In this wonderful store, you find some unique funitures and lovely clothes, shoes and accessorise!

Lucky me, have got the chance to help out here no and then c,")
My first day is on monday, and if you´re nearby some and wisit me!
You get a 20% offer on interior this day, if you mention that youhave read this!

Have a very nice sunday!! 

fredag 26. august 2011

Noko tungt var i hagen vår i dag..

Sånn var spora i hagen...
Her hadde det vore  x-antal tonn trykk..

Denne hadde nemlig stått der.. Med dette på planet:
Vi skal nemlig isolere huset fra innsida.
Så i dag kom det 3 tonn med varer..

Godt merka var det og :o)
Nå pryder leveransen hagen vår. 
Huset står på hovudet.. Materialer som er tatt ned, og rot over alt.. 
Håper eg ikkje klikker i løpet av dei neste vekene..

Ellers skal vi hit i løpet av helga Sofiero
Her er det hage og inspirasjonsmesse. Ellers blir det litt loppermarked og andre småting mellom bygging og anna :)

Ha ei super god helg!

Today there came a truck with material for our house. We`re going til to isoleate our house from the inside. The house is old, and cold.
In between the building we`re going on fleemarkeds.

Have a nice weekend!!

tirsdag 7. juni 2011

Spennande!

Jepp det blir det! Var litt som at lufta gjekk ut av ballongen i dag, og ein tenker: kva skjer nå?


Eg får nemlig ny arbeidsgjevar! 
Neida, skal ikkje bytte jobb.. Men sjukeheimen eg jobber på skal overtas av Aleris! Vi har vore Norlandia Care-sjukeheim, og har dei siste mnd, eller nesten det siste året, gått i spenning å venta på kven som skal ha videre drift av oss. Og etter mykje venting, diskusjon, spörsmålsstilling, og ikkje minst informasjon om kva ein "viksomhetsoverdragelse" er for noko, så har vi endelig fått vite.


Stavanger Kommune fekk ikkje anbudet!! For min del vil eg sei JIPPI! Dei har, for min del, ikkje vore verdige til å ta over, og at dei tapte på kvalitet, syns eg seier veldig mykje... :) Skittens spel löner seg sjeldan!!


Jaja det her skulle ikkje bli eit sånn right- in-your-face innlegg.. Men klarte ikkje heilt å la vere. 


Blir nokre spennande månader fram over! 


Går her og gler meg til ting litt närare i framtid, nemlig bloggtreff i morgon!