Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg

onsdag 25. februar 2015

Skal, skal ikkje

Skal prøve igjen..
Etter mykje tanker fram og tilbake om eg faktisk skal bruke tid på bloggen eller ikkje, har eg kome fram til at eg igjen vil prøve å halde den oppe.

Er litt for dårlig til å ta opp kameraet og ta bilete, 
men kanskje dette kan hjelpe litt på å få tilbake fotogleden c,")
Har og vurdert sterkt om eg bare skal gå over til instagram, 
men er jo liksom ikkje heilt det same! 
Men kjem jo til å fortsette der og.

Nå må eg bare leite enda litt meir for å finne usb-en til kameraet mitt c,")
Det har jo skjedd ein heil del hos oss det siste året, 
og mykje kjem til å skje framover.
Så det er jo egentlig mykje å vise c,")

Her kjem eit lite bilete fra instagram med resultatet av stovekroken vår etter at eg impulsivt måla den rett etter nyttår..


Det finaste med bilete er hjerteknuseren som ligger å sover i sofaen c,")

Eg skal prøve å komme litt meir regelmessig her og dele med dykk, 
men vil ikkje love noko.

Ein av dei nærmaste dagane kjem der nok litt meir personlige tanker om vegen videre her inne.. Håper du vil følge meg videre på vegen!

Til alle de som er innom her: TAKK!!



tirsdag 30. september 2014

Takk!!

Takk for at DU er innom her!
Fantastisk at lesertalla  mine bare stiger og eg sjølv knapt er inne her!
Set utrulig pris på det!
Håper de har tolmodighet med meg!

Ja nå stoppa det jammen meg opp igjen...Veldig ufrivillig.. 
Men kan så absolutt ikkje love når neste innlegg kommer..
Ja for det skjer faktisk ting i huset vårt.
Men av mange ulike grunner, bl.a ein tur på sjukehuset i ei veke, går det seint..
Og mykje er på gong samtidig. 
Kaos spør du kanskje? Ja så absolutt!!!

Her lever vi for augeblikket med tilgang til kjøleskap, micro, 
og kaffi/vannkoker som einaste måten å ha mat/lage mat med.
Matlei?! Nei kan ikkje forstå det?! c,")

For de som følger meg på Instagram (Fruherogder), så ser de at jo da det skjer litt.

Vi har bl.a valgt ein ganske spenstig (i alle fall i mine auge) til kjøkkenveggene..
Nå mangler det bare sparkling og pussing som gjenstår,
 så er det denne fargen som skal prøves c,")


Vi har heilt kvit kjøkkeninnredning, 
og børsta stål i kvitevarene. Så trur dette kan bli bra c,")

Spent!


Blir dessverre litt dårlig med sjølvtatte bilder for tida, 
men skal prøve å få tatt litt dei neste dagane (når dattera sover c,"))

Håper de har det bra der ute!

Her nærmer det seg visst at 3 skal bli 4 med stormskritt, 
så får se korleis dei neste vekene blir c,")

Ha ei flott høstveke!


This bluegreen color is the color we have chosen for our kitchen! 
Very excited to see!
Because of the upcomming birth, I don´t know when the next post is coming..
Intill then:
Have a nice week everyone!





tirsdag 26. august 2014

Musesteg

Ja trur vi kan kalle det det..

For det går ikkje så fort framover. 
Med tanke på jobb, studier, unge uten barnehageplass, og ikkje topp form på frua, 
så går det ikkje så fort.
Men det går framover!
Litt etter litt...

Da vi flytta inn såg det sånn ut her:
(vi hadde bedt dei vi kjøpte av om å rive kjøkkenet og ta ut teppa på golvet i stova..)
(beklager dårlig bildekvalitet -bildene er tatt uten stativ)
Stua vår fra ulike vinkler






Kjøkkenet vårt.


Linselusa i skapet c,")



Her i første etasje står det forholdsvis stille. 
Vi venter på et etterlengta kjøkken, 
og kjenner det veldig at det er eit stort irritasjonsmoment at vi ikkje har oppvaskmaskin eller benkeplass. 
Vi har heldigvis satt opp noen midlertidige hyller til servise og diverse.
I stova har golvet blitt pussa ned, men ellers er det lite gjort der. 

Grunnen er rett og slett soverom!
Da vi overtok visste vi at det hadde vore vannlekkasje i taket på vårt soverrom. 
Og det viste seg at vindauget på dattera sitt rom satt så nære den innebygde garderoben, at vi burde flytte heile garderoben 10 cm for å få til skikkelig foring og listing rundt det.
Så nå har det sett sånn ut der oppe ei god stund! 



Her har min kjære ektemann starta med å pusse golvet ned. 
Vi har og riva ned ca fire lag med tapet, 
garderoben som var bygd mellom romma,
 og begynt å sette oppigjen taket med nye festelister og nye takplater..
Så det går framover - med musesteg...



Huset ber preg av å vere bygd i -61, så det er ingen ting som har rette vinkler. 
Og det er jo ganske mykje ekstra arbeid å få utlikna skeivheten litt i alle fall..
c,")

Det gjekk plutseleg 2 mnd frå sist innlegg. 
Håper nå å ha litt meir energi og lyst til dele litt meir med dykk!
Sånn småinteriørmessig er det jo ikkje så mykje å vise enda. 
Men håper de kanskje er litt interessert i å følge arbeidet vårt!

Ha ei fortsatt strålande veke!
Her skin sola!

Some of the things going on i our house!
It´s going very slow, but now we can se that it´s going forward!
The 1st floor is standing very still, but at the 2nd floor the bedromms are coming together.. 
With small mouse steps...

Have a great week!


mandag 26. mai 2014

Sofa eller sofa?

Ja lett skal det ikkje vere..
Det store samtale-emnet her i huset for tida er nemlig sofa..
Og det er jammen ikkje bare bare...

Vi har lenge snakka om å kanskje slå til på u-sofa, 
men etter å ha sett ein veldig ok løysning hos ei veninne, 
heller eg nå veldig mot at eg kan tenke meg gruppe..

Enten?

Eller?





Så var det farge da.. Lys? Mørk?
Stoff? Skinn?
Vaksbart stoff? 

Nei dette er ikkje lett for et tett hovud..
Får slappe litt meir av og tenke litt til. 
God vi har litt tid på oss til å betemme oss...

We have to buy a new sofa for the new palce. The discussion is witch one?!
Fortunately we still got some time to decide!

Ps! Er det noen som har bestilt sofa via nettet noen gang? 
Fant ei side som hade gode tilbud.. 
Men er litt skeptisk på korleis det fungerer og det og ikkje prøvesitte sofaen først..



fredag 23. mai 2014

Drømmer og planlegger

Ja kven gjer ikkje det tenker du kanskje..

Men her i huset har endelig ein drøm gått i oppfyllelse!

VI HAR KJØPT OSS HUS!

Eller som mannen seier: Vi har kjøpt oss bolig c,")
For vi har fått oss rekkehus!

Og ja det kjennes heilt fantastisk!
Endelig kan vi gjere som vi vil. 
Male der eg vil, pynte sånn vi (les eg c,")) vil ha det!
Ommøblere uten å tenke så veldig mykje på plass og om det er praktisk!

Og ja, du som har fulgt meg ei stund, veit jo at vi har hus i Sverige.
Men her skjedde ting veldig fort.
Vi har leid her i Norge, fordi vi satt med huset i Skåne, 
og holder på å pusse opp der.
Men så skjedde det plutselig noe veldig avgjerande i våre liv...
Vi har lenge fundert og småleita etter ny plass å bu, 
sidan vi skal bli fire og 70 kvm er litt lite..
Så kom Radonmållingane i leiligheten vår tilbake....
(om du ikkje veit kva radon er, så får du god info ved google)
Og dei var skyhøge!
Kjerringa fekk litt panikk, og vi blei enige ganske fort om at vi burde skifte bustad.
Etter mykje fram og tilbake og diskusjonar, 
satt vi plutselig med hus! c,")
Vi skal flytte! Ja det blir ikkje veldig store avstanden fra her vi bur nå, 
men vi skal bytte kommune og alt som følger med det!
Litt stressa kan du vel sei er ein underdrivelse, for min del. 
Men nå, nå bare drømmer eg.. 
Vi har mykje som skal gjerast, og renovering av huset må til.
Men det er VÅRT!
Sitter å surfer på nettet etter alt fra sofa til lamper og maling/tapet!
Den gjentatte diskusjonen er om datter skal få rosa rom...
Mora nekter c,")





Så får vi se da.. c,")
Overtar i midten av juli, og da blir det jo nok å gjere!

Så det blir spennende tider framover.
Forhåpentligvis klarer eg å bli flinkere til å fotelle, vise bilder og nyte at vi har fått vår heim her i Norge c,")

Helg! JUHU!
Her blir det litt besøk, forhåpentligvis salg på bruktmarked, og prøve å bli kvitt den idiotiske forkjølelsen eg har fått..
Ha ei super helg der ute!

We bougth a house! Juhu! Finally our own here in Norway!
We have to renovate a bit, but it´s ours!
I´m dreaming and planning, and I still fully can´t belive it´s ours!
Have a nice weekend!



lørdag 18. mai 2013

Hei verden!



Var du der? 
Ja eg ser de er inne til meg sjøl om det er fryktelig lenge siden sist..
Mista heile inspirasjonen, lysten og kjente at eg bare måtte ha ein liten pause...

Men skal prøve meg igjen c,") 
Har dessverre ikkje fotoapparat lenger, 
da min kjære lillebror har kjøpt mitt kjære gamle kamera, og har ikkje vunnet i lotto,
så må bare spare litt til for å få drømmekarmeraet c,")

Her i gården har det skjedd litt, men mest litt sånne "gjer ferdig prosjekt" c,")

Men det eg har gjort er rett og slett og satt meg ved symaskina c,")

Da vi kjøpte leikegrind til vår kjære dotter var det bare ei hard madrass i den 
(ja vi kjøpte brukt).
Så her måtte noko gjerast. 
Eg hadde stoff frå før, handla vatt på Stoff og Stil og sette i gong.

Her er før og etter c,")
(de som følgjer meg på Instagram har sett dette før)

Før:


Har lagt på eit vattert teppe eg hadde fra før her..

Etter:


Dattera er i alle fall fornøgd. Og mora vel ganske fornøgd og.. c,")

Håper de der ute hadde ei super dag i går! Og har fått nyte varmen i dag!!

Her har vi vore ute på tur i kveldinga, og bare nyte livet!
Var ei veldig fornøgd lita jente som fekk på seg litt sommertøy c,")


Ha ei fortsatt flott og varm pinsehelg!!

I had to take a brake, find the inspiration, and think I`m back. 
But just with the mobilecamera.. 
Have a nice weekend! We enjoy the heat!




mandag 16. juli 2012

Alltid?

Enig med din bedre halvdel om det som gjelder interiør?
Ikkje i denne heimen i alle fall c,")
For eg har ein mann med sterke meininger om dette nemlig c,")
Men egentlig så har vi ganske lik smak, bare eg "gidder" hører etter.. 
Ja det var det temperamentet da...

Men her om dagen snakka vi litt om stova vår i Sverige. 
Og eg sa eg kunne tenkt meg litt røffere stil der, 
når vi kommer så langt at den skal fikses..
Og fekk jo da bare det store sjokksvaret fra mannen. Jo han va heilt enig!
Han kunne tenke seg å ha ein vegg med stein til og med, som kontrast!
Jepp, kjerringa satt med haka på knea (eller den krasja med magen på veg ned).
Eg er nemlig blitt forelska i kalkmaling, og kan tenke meg å bruke det.
Mannen kan tenke seg synlige takbjelker.. 
Og ja, da var vel det avgjort c,")
Så her kjem litt inspirasjon, i trist sommervær..


via

Så då gleder eg meg bare enda meir til dette rommet skal vere klart.
Jada, det er leeenge til, men nå er det i alle fall ein liten plan c,")


Lite som skjer på heimefronten når det gjelder interiør dessverre, 
men sånn er det bare akkurat nå.


Ny veke og nye muligheter!
Grip dei, og nyt dei!


Allways agreeing with youre better half? Not in this house. 
But the other day, this one had a kneedropping experience. 
My husband shocked me with a very nice wish aubout our livingroom. 
Our taste became one!
Here´s some picture for insiration..


Seize the day, and enjoy it!  

tirsdag 12. juni 2012

Stilskifte...

er noko eg har vore igjennom fleire gonger. 
Har du? 
Jada, vi skifter vel litt med alder, 
men eg har dei siste åra hatt litt problem med å finne "meg sjølv". 
Midt i interiørkaoset i hovudet mitt, har eg gifta meg, 
fått oppussingsobjekt med på kjøpet (veldig kjekt altså), 
og mann som (visst) og skal ha noko og sei om stil og slikt..
Og på toppen av alt, har eg valgt å blogge om det!
Hjelp! Er det rart at det blir litt tørke?

Har liksom i mange år valgt litt ting som eg har fått og arva, og brukt dette, 
og fortsatt/ kjem til å fortsette med å bruke det.
Men har liksom ikkje heilt visst kva stil eg har hatt.. 

Men kanskje "stilbåsen"  ikkje er det viktigaste?

Men etterkvart har eg kjent litt på at eg har gått meg litt vill..

Kva er det eg likar egentlig? 
Skal at vere kvitt, slitt og gammalt?
Eller skal det vere tøffare? 


Det har nok komme meir og meir "tøffare" stil inn i heimen. 
Noko som tilfredstiller både mannen og meg c,")
Jadå, mykje av det eg har kjem ikkje til å forsvinne.
Mykje pga affeksjonsverdi for meg c,")
Men like mykje ordi eg ser eg veldig godt kan bruke det vidare saman med "industri-stilen"!

Kjenner eg er veldig fan av tøffe lamper, kalkmaling og betongvegger.
Det enkle er ofte det beste, heiter det, og det passer meg heilt perfekt!
Tenker at med mannens velsigning kjem det nok til å bi ein del av det i huset i Sverige c,")


Men fortvil ikkje! Det kjem og til å vere fine kvite flater, 
kontrastarger, og ikkje minst forblir nok
BLÅTT igjen hos meg!
Skal nok klare å begynne litt opprydding i saker og ting,
 med dette som utgangspunkt c,")

Har du våre i stil-kaoset?
Gått deg litt vill?
Fannt du "heim" igjen?

Skal prøve å vere litt meir effektiv på innlegga fram over c,")

Ha ei flott veke folkens! Snart helg igjen! c,")

I´ve been in interior chaos lately.. Think I have found my way home again. 

Looking forward to check it out some more!

Have a nice week! Soon it´s weekend again! c,")


søndag 4. mars 2012

Fornyelse

fornøyer c,")

Ha endelig klart å gjere litt meir rehabilitering av ting her i heimen c,")

Eller, denne har eigentlig bare stått å venta på litt meir kjærleik. Og nå har det hjelpt litt..

Den såg slik ut då den blei med meg heim frå loppis (i Sverige) c,")


Det andre som endelig har fått some love, er dette..
Det er prosjektet eg nevnte her.


Mitt syskrin! Dette også fra loppis (men dette er funne her i byn).
Det hadde til og med innhold då eg fekk det med meg heim, i fjor vår(!)..
Så etter litt tømming og fjerning av støv, har eg nå starta prosessen med pensel.. 
Fargane er lys blå inni og kvitt utanpå. Trur det blir bra!
Som de ser er det godt bruka, slit og har fargeslitasje..

Er veldig spent på om det blir dra!

Her i byen forsvann sola like fort som ho kom. Og våren er like lunefull som den alltid er her vest.
Håper den ikkje er vekke for lenge nå! 
Ha ein super søndag videre!!

Some of my funitures have finally got some love.
The paint and brush have been used, and I hope the finished product become nice!

Here the sun is yet again found some other place to shine, but hope it gets back soon!

Have a nice sunday!

tirsdag 21. februar 2012

Litt liv her

Eg er her.. Pausen blei lenger enn tenkt..
Lite energi, lite som bobler over, og lite tid til å sette i gong med noko nytt..
Men har dette lille prosjektet som eg nå håper å få starta på..
Følg med, og du får sjå c,")




Little energi, little that bobbles over, and to little time to new projekcts..
This is a small one, that I hope I get started on the next days..


fredag 11. november 2011

Rotehål sa du??!

Eller det er vel heller ein byggeplass...
Sånn ser vårt hus for tida..
Dette skal bli vårt kjøkken, tv-stove og spisestove når vi er ferdige med og isolere!



Vi har hus i Skåne, Sør-Sverige, der min mann kjem frå.
Han hadde kjøpt huset for 10 år sidan, men pga økonomi og andre omstendigheter var det ikkje skjedd så mykje med huset.
Huset er bygd i 1929, og pussa opp ei gang på 60-talet. 
Før min mann kjøpte huset hadde det allereie stått utan buande der i sju år. Dei som eigde huset ville ikkje selge det før foreldra var ute av denne verden.

Då min kjære flytta inn la han inn jordvarme i huset og oppdaterte badet litt, men ellers er veldig lite gjort.
Så nå har vi starta med det som trengs. I fjor fekk huset nytt tak, og etter enorme størmutgifter i vinter, starta vi på den store jobben å isolere huset. 
Vi pusser opp på oppsparte midler, så litt blir gjort etterkvart.
Hadde jo tenkt at det ok kanskje var nokre spennande aviser eller noko som låg i veggane her, men nei du.. Ingen ting!! Rart det har vore kaldt?!
Så nå blir det bare å brette opp skjotearmane og sette i gong. 
Eller -vi er godt i gong. 
 Her skal det bli tv-stove, der tv-en står. Og spisestove der stolane står..

Her ser de litt av kjøkkenet vårt. 
Der er tak og vegger nesten på plass, nå gjenstår bare  å krangle diskutere ferdig korleis vi skal utforme det c,")


Før og etter tak...

Ha ei flott helg! 
Her skal lørdagen tilbringes på Ullared, juleshopping og gode venner c,")

Here you see the house at the moment. We are isolating, and it`s not looking very nice!

The house is old, from 1929, reovated in the 60s.
My man bought it for 10 years ago, bu bad economy, very little have beed done here. So no we does the big things, like changing the roof (done last year), and no we`re isolating..
The rooms you see here supose to be kitchen, tv-room and dining room.

Have a very nice weekend! 
We are going to Ullared to shop christmas presents and meeting good friends!