søndag 7. august 2011

Eit bra alternativ

I dag kjem det rett og slett eit lite tips i frå meg :) Er ikkje sikkert at bloggarane her på vestlandet kan bruke dette tipset. Men skal ein turen til Sverige, så er det verd turen innom her først! I alle fall fall om ein leiter etter noko. Og i desse gjenbrukstider er dette i heilt rette ånda :)

Det eg skal tipse om er rett og slett det svenske alternativet til Finn.no. I Sverige har dei ei side som heiter Blocket.se. Den er x antall gonger større enn det norske alternativet :) Og det er så mykje forskjellig og flott og i alle stiler som blir lagt ut der :)

Eg syns jo at denne sida til ein viss del er meir organisert og lettare å finne ut av. Men det er nok greit å forstå svensk, og ha litt geografisk kunnskap :)

Eg sit ganske ofte innom her og ser, og i allefall når eg veit at det ikkje er så lenge til at vi skal heim til Skåne ein tur :)
Eg kan jo for eksempel sei at då vi skulle fikse opp kjøkkene vårt litt(det var gammel og upraktisk), så fekk vi tak i fullt kjøkken med kvitevarer til 2500 SEK!
Og då vattensenga skulle ut, var det og på blocket at vi fann ny seng :) Så her er mykje å hente :)

Eg har funne litt bilder av noko av det eg fallt for og som er lagt ut for salg i dag :)







Ha ein god søndag! Her regner det, så blir inneaktiviteter her i heimen :)

1 kommentar:

Solstrålå sa...

Takk for tipset!Skal kikke innom dette nettstedet.
Men det blir vel litt bakvendt å få tak i tingene?
Ønsker deg en fin August uke!
Goe klem fra Sol