mandag 22. februar 2010

Gåtur på vatnet...


Eg har gått på vatnet!
Ikkje heilt slik Jesus gjorde, men kan jo vere kult å sei det slik likevel :)

Rett etter jul var dei aller fleste vatna i Stavanger sikre, og mange tok skøytene fatt.. Det var fleire helger det var store arrangement på både Breiavatnet(midt i byen), og Store Stokkavatn! Men var ikkje på noon av dei... Veit at i alle fall så var det frykteleg mykje folk på Stokkavatnet den helga det var "fest" der.. Men då var eg på jobb :)

Mex bur ca 200 meter frå Hålandsvatnet. Her var det og mykje aktivitet. Vi hadde lenge snakka om at vi skulle/burde ta oss ein tur ut å gå, men det blei liksom ikkje.. Vi jobba omkvarandre, eller ein kom heim og sette seg ned.. Ein blir ganske tung i rumpa då.. I ale fall eg er sliten etter å ha vore på obb. Så om eg set meg ned etter jobb, er d vanskeleg og komme igong med noko fornuftig etterpå..

Så vi hadde bestemt oss for at ein tysdag skule vi gå. Eg skulle på dagvakt, og Max hadde fri. Det var bare for Max å vere klar når eg kom frå jobb. For eg kunne ikkje sette meg ned, for då kunne eg love at eg kom meg ikkje ut seinare i alle fall!

Så ut bar det, og heilt fantastisk tur blei det :) Vi gjekk tvers over vatnet, og bare kosa oss. Såg å dei som gjekk på skøyter, og nøyt det fine veret og atmosfera og kverandre! Blei nokon fine bilete også :)

Absolutt verd turen ut!!

Likar vinteren eg :)