søndag 27. mars 2011

Bestemors flotte laken









Har arva bestemors nydelige overlaken :)
Har fått velsigning til å gjere kva eg vil med dei :)
Tanken er å lage fine putetrekk, og eit stoltrekk :)
Håper eg får fine resultat :)

lørdag 26. mars 2011

Vårstemning inne



Lekkert m litt rosa for vårstemninga si skyld :) Går i rosa og grønt for tia :)

Prøver lykken!

http://fru-r.blogspot.com/2011/03/giveaway.html

Har meldt mg på, og håper flaksen min ikkje har gravd seg heilt ned ;)

Nydelige laurdag!

Dagen starta med nydelig sol inn i stova! Sia eg handla påskeliljene og krokusen i går, måtte eg jo bare ut å plante dei!
Tønna har eg hatt nokon år, men liker den veldi godt! Er veldig dekorativ til dei fleste blomar!
Eg fekk ikkje plass til alle påskeliljene så bruka dei på litt andre måtar og :)





Ha ein fantastisk laurdag!

fredag 25. mars 2011

Litt vårstemning..

Har i dag vore på Plantasjen for fyrste gong i år! Og det var så kosleg! Skulle ikkje ha noko, eller.. Eg hadde vel ein lite tanke om at eg kanskje skulle kjøpe nokon tulipaner til helga..
Men blei vel litt meir.. Har handla inn både tulipanar, krokus og påskeliljer.. Tulipanane står i vase, mens resten ska plantast ut i morgon. Håper veret held seg!
Skal og ut å finne kvistar som skal brukast fra mot påske. Håpar eg orker dette i morgon :)

Sola skin, og litt plussgrader, skikkelig vår!

Ha ein fin fredagskveld!

torsdag 24. mars 2011

Innholdsrik dag

Dagen i dag starta med kjøretur med min kjære mann. Han prøver så godt han kan få mg litt ut.. Orker lite av det sjølv for tida..
Vi tok turen ut til Vistnes her på Randaberg, før det blei litt handling i Randaberg sentrum..
Då eg kom heim fekk eg lyst å bake... Visste ikkje heilt kva eg ville bake, så då gjekk eg inn på nettet.. Fann nokon havrekjeks :
Skikkelig kaloribombe! Men gode var dei :)

Sette og ei deig til hvetebollar..

Fekk besøk av bestevennina mi i kveld, og då blei det smaking av begge sortane :)


onsdag 23. mars 2011

Torskemiddag!

 Min kjære mann har vore ute å fiska!! Då han kom heim hadde han med seg to flotte torskar! Den største var heile 3.6 i slaktevekt! Blir ein god middag!

Heime hos mamma

Denne helga har eg vore heime hos foreldra mine og feira fødselsdagen min :) Har lyst å vise dykk orkidé vidauge dei har!
Orkidéane er heilt fantastiske! Dei blomar i eit sett og den i midten, med små blomar, har hatt over 70 blomar samtidig!



Denne er nesten ein halv meter høg!


Nydeleg lillaspraglete orkidé!

torsdag 17. mars 2011

Husmordag

I dag blei det husmordag.. Baking, vasking, stryking, "omregulering" av pynt..


Mannen var veldig fornøgd med smaken på brødet..


Hater å styrke, men i dag har eg hoppa i det.. :)
Ein fin måte å bruke roser som har begynt å nikke i vasen.
Kutt rosene eit par cm under blomen, og legg i vatten. Ein ser då ofte at blomen spring ut og held seg i alle fall eit par dagar til. 

mandag 14. mars 2011

Mange lys for Japan



Det har blitt mange lys og bønner for folket i Japan denne helga. Mange nyhetssendinger som har blitt sett på. Godt å vite at dei norske eg veit kven er, har det bra!
Er ufatteleg å sjå på øydeleggingane.. Men som det effektive folket dei er i Japan, kan ein jo allereie se at dei er i gong. Etter besøket mitt i Kobe i 2009, kunne eg sjå kor effektivt dei hadde bygdt opp etter jordskjelvet i 1995. Godt verden er med på å hjelpe!

Legg folket i Japan og alle hjelpefolka i bønnene mine. 


søndag 13. mars 2011

Interiøroppussing

Har den siste månaden pussa opp enkelte av møblene våre, med mannens velsigning! :O)
Det blit jo fort til at når ein skal samle to husvere til eit, at det er litt ulike smakar og møbler ein skal sette i lag.. Og det hadde vi! Plutselig var stova vår eit lite kaos, med FIRE ulike tresortar på møblene! Fundera ei stund på korleis eg/vi skulle gjere med det, og kom fram til at det billigaste var rett å slett å kjøpe MALING. Så frua gjekk til byggforretninga og kjøpte maling. Men det skal seiast at det ikkje blei gjort før internett og ulike maleteknikkar var sjekka ut.. Det blei shabby chic som blei stilen, og fargen eggekvit..

Her kjem biltet av reultatet:




Fleire møbler kjem etterkvart! Må bare gjerast feridg og stylast først :O)

Helgekos!

Rester etter kveldsbesøk lørdag :)
Stolen min mann er veldig glad i! Eit godt kjøp vi gjorde på Jysk :o) 
Elsker friske blomar til helga!
Mitt helgesnop...

Øverste bukett var gåve. Luktar heilt fantastisk av liljene!!