fredag 2. april 2010

Kontroll i Haugesund

Har vore på kontroll. Opp og ned med kystbussen.
Var spent. Korleis vil det gå? Er legen like sur som sist? Kjem det fram nye ting i dag?
Har med meg eit prøvesvar på ei D-vitamin prøve. Kva vil ho sei om den?
Kva seier ho om medisinene? får eg nye? Ha ein del spm.. Har ein del biverknader av medisinen eg går på.. Eg sliter med søvnen..
Finner seinare ut at det er normalt med Plaquenilen.
Kjem fram i god tid. Går å set meg. det viser seg at legen er forsinka. Ein halv time.. Jaja, går vel greit det og i.h.t bussen ned att.
Blir kalla inn. Er spent. Ho verkar roleg..
Tek opp den lille lista eg har med spm. Ho spør korleis det går, og ho får svar. Eg seier som det er. Eg søv ikkje.. Eller, eg slit med at eg vaknar mykje på nettene. Er stiv og urolig i kroppen. Pga den lille søvnen kjenner eg at eg er mykje irritert, og har lita lunte på jobb.. Det tar på.
Jo ho skjønner det.
Ho svarer greit på dei andre spm eg hadde. Så tek ho ei ny undersøking av kroppen. Ser etter artritt.
Så svarar ho på om det er noko å gjere med tanke på medisinene. Og jo det var det.
Skulle prøve eit par veker uten Plaquenilen for så å over på Imurel.. Det vil sei, om blodprøva seier det er greit.
Så nå venter eg då.. Kjem det noko resept? Håpar det..
Har mykje vondt nå utan medisinene. Men søv betre..
Håpar at det kan hjelpe med nye medisiner...

Eg rakk bussen nedatt, slik eg hadde tenkt..:)

Eit år til

Har visst blitt eit år eldre :) Kjenner at eg nok ikkje er heilt komfortabel med det... Kjenner meg så liten. Nærmer meg 30 og kjenner meg som 15.

Men koste meg den dagen. Skal på jobb.. Har bytta til dagvakt.
Blir møtt med ein kjæreste som står opp med gårve til meg før eg går. Fekk ny symaskin! Den andre eg har er blitt ustabil:) Pedalen kortslutta før jul :)
Han overrasker:)
Tingen var at eg tudde at turen til Hirtshals med danskebåten var gåva!
Han hadde nemlig spurt meg veka før om eg kunne tenke meg tur med danskebåten den helga eg fyllte år. Og det kunne eg :) Var 80-talls cruise ombord.
Då eg kom på jobb blir eg møtt av klemmar og gratulasjonar:) Mine kjære kollegaer har laga lappar og hengt opp over heile sjukeheimen. Så det går ikkje akkurat stille for seg. Men koseleg var det jo :)
Tusen takk kjære venner, familie og ikkje minst Max for den gode dagen det blei!!!