søndag 26. januar 2014

Spare sa du?

Ja det var planen.
Har ikkje veldig mykje å sette til side, slik eg selfølgelig skulle ønske, 
men litt må eg da klare c,")

Så da eg fekk med meg på ei strikkeside på Facebook,
 at mange hadde lagt vekk 10 kr for kvart nøste dei hadde brukt i løpet av året, tenkte eg det må eg jo klare c,")
(off det blei ei fryktelig lang setnign)

Men så var det det da..
Eg hadde ingen sparebøsse..
Og ikkje hadde eg tid til å ut å finne det heller..
Men mannen skulle ut på handle ein dag, så da greip kona sjansen.
Finn ei billig ok sparebøsse til meg!
Og dermed ente eg opp med denne:

Og ja mannen hadde klart å finne ei med litt sting i til meg.
Han har lenge gått å mast på at han kan tenke seg et keybord..
Noe kjærringa har nekta å gi han.. Av ulike årsaker c,")

Så da kjærringa såg denne lo ho godt ja!

Men det har allerede komme litt penger i den.
Og det har dattera funne ut, så nå går ho rundt å rister på den og syns det er storarta! c,")

Holder på med nytt prosjekt, som forhåpentligvis blir ferdig i dag, så da komemr det jo litt til oppi der c,")

Her har heldigvis vinden løya litt, men ingen snø.. 
Såre naser, og masse nysing derimot har vi masse av, 
så her blir det stille og rolig dag inne c,")

Ha ein flott søndag!

One of my goals for the new year is to save some money for all the things I´m going to knit this year.
Here is my moneybox..
Have a beutyful sunday!

søndag 19. januar 2014

Lærdal

Våkna opp til fæle nyheter fra Lærdal..
Tanken på alle dei som har mista alt er ubegripelig...
At det skjer i Norge, virker ufattelig. 


Takker for at det foreløpig ikkje har gått liv tapt.

Sender mange tanker oppover.



Ta vare på kvarandre alle der ute!

Big big fire out of contol in a little place here in Norway.
Unimaginably.
Take care outthere!

fredag 17. januar 2014

Ei felles utfordring

Vi laga oss sofabord vi.
Ja det tok litt tid da, men bare fram til vi først fekk ut fingeren..
For vi hadde jo snakka om og planlagt og tegna ei stund da..

For de som følger meg på instagram, såg at i haust så satt vi og planla..

For eg fant ikje det eg ville ha, 
og det vi hadde KUNNE vi så absolutt ikkje ha lenger.

Så da var det jo bare å sette i gang..
Vi tegna noe som vi (eg) hadde for meg i hovudet.

Kjøpte inn materiale og beis og satte i gang. 
Og her er resultatet:


(beklager dei fryktelig stygge hjørnebeskyttarane mannen har satt på hjørna)

Bordet er høgt nå i forhold til sofaen, 
men planen er jo i alle fall å kjøpe ny.
Men deilig med bord som ein slepp 
å bøye seg over om ein har kaffigjester c,")



Bordet er beisa i fargen værbitt tre.
Og er absolutt ikkje perfekt gjort, 
men unnskylder meg med at det var første gang..

Med pyntenagler i bordet fekk det endå meir røfft utseende..
Vi har valgt ulike bredde på plankene vi brukte,
 rett og slett for å gi det eit unikt preg.
Veldig fornøyd med det!




Beina på bordet har vi laga i vinkel. 
Altså satt sammen plankene i vinkel og dermed laga "åpne" bein på bordet. 
Vi diskuterte litt fram og tilbake, men kjærringa vant diskusjonen. 
Eg syns nemlig dette gjorde bordet veldig nett og mindre bastant.
Funka som bare den!

Og nå er jo drømmen om å lage eit bord i samme stil som spisebord i Sverige!
(her har vi bord som huseieren eier, og har ikkje noe plass og gjere av det)

Bordet fungerer heilt konge, og når det koster mindre enn mange av bruktborda eg var og såg på, kan eg vel ikkje klage c,")

Ha ei super helg!

Here are some photos of our sofatable, that we have built ourself.
Very pleased!
Have a nice weekend!


torsdag 16. januar 2014

Knitra så deilig..

da eg satte tulipanane i vasen!

Har fått fram vårfargane og nyter dei i heimen. 
Rosa og turkis får opp humøret mitt, og gjev heimen litt lysare preg, 
sjølv om det er mørkt og blåser friskt ute!



Har funne fram arveduken min som 
matchar kjempebra!
Den fine karaffelen min har og funne plassen sin,
 saman med dei rosa tulipanane i vasen

Sia det er tilbud på 30 (!) tulipanar på Interflora, 
så hadde eg nok til å fylle opp to vasar. 
Så kan nyte dobbelt!
(er ikkje sponsa)
Jada løperen er faktisk strøke ei gang, bare vært gjømt vekk litt for lenge c,")

Nå er det tid for å komme seg nokre timar på jobb..
Er litt mindre sjukemeldt, så håper dette går bra!

Ha ein flott kveld!

Had to fresh it up a little with tulips! 
There are a good deal now, so had enough to two wases!
Have a nice evening!


onsdag 8. januar 2014

Og eit til..

Jepp eg heng meg på. 
Fekk nemlig litt blod på tann,
 etter først å ha lest innlegget til Keiseren nye trær og Signe Pling
etter tips på instagram.

For lenge har eg kjent meg liten, ikkje verdig eller god nok.
Ikkje har eg Hay si trehånd, Missoni håndklær på badet, 
eller Tine K si flotte lampe i stova.
Eg har ikkje ei gong min eigen leilighet! For vi leier nemlig..
Noko som er ganske frustrerande til tider..

Lenge har eg kjent på at både blogglyst og blogglesingslysten,
 har vore svært liten! 

Kva skal eg skrive om? Eg har jo ikkje det siste på skrikfronten.
Og jammen er det ikkje alt eg liker heller...
Ja eg har både skål og fat av Tine K,
og den store vasen fra Kähler er eg veldig glad i! 
Men kan jo ikkje skrive hundre innlegg om dei liksom!

Ikkje er eg den flinkaste med kameraet heller, 
men øver jo c,") 

Bildet tatt med mobilen.

Ja eg har nok tenkt/lagt litt for mykje vekt på interiøret her heime, og at det er det eg jo skal blogge om.
Men har jo lenge tenkt at eg skal ta med litt meir om andre ting.
Slutte å være så pedantisk på at alt skal være gjennomtenkt. 
For eg har jo sett at eg faktisk har fått meir kommentarer på sånne innlegg,
 enn dei eg kan ha brukt fleire timer på å skrive.
Ikkje det at eg får så veldig mange kommentarer...

Eg er nok ikkje den flinkeste til å kommentere, 
men som regel skrive eg kommentarer om det er noko eg blir engasjert av,
det kan jo være så mangt.
Men må jo sei at eg kan sikkert bli bedre sjølv, 
men er ikkje veldig engasjerende å skrive fleire innlegg og ikkje få ein einaste kommentar, men ser jo at det stadig er folk innom på sida da besøkstallet stiger.
Off nå blei det mye klaging.



Men som sagt i sist innlegg hos meg er eit av måla mine i år, 
så skal eg prøve å ikkje bry meg så mykje om det.
Eg skal syns eg og min stil er bra, 
for det er vel det at eg/vi trives i heimen vår som teller?! c,")
Så håper eg virklig at denne diskusjonen kan gi "eit lite nytt spark i baken" i denne flotte (for den er jo det)bloggverden! 
At ein får se litt nye perspektiv på det samme. c,")
For nye trender kommer jo til uansett, og vi er jo litt flokkdyr. c,")
Eg og har lyst på flotte stoler fra Eames, 
ha keramikk fra Tine K, og kunne bruke mykje penger på ting til heimen.
Men så er eg nok litt for mykje glad i loppemarked, 
gjer det sjølv og bruke det eg har.
(og tjener heller ikkje godt nok til å spandere på meg sjølv enn litt på nå og då)
Så er jo ikkje så unik som eg skal ha det til c,")

 Nå skal eg slutte å være kritisk, og sei at eg savner både snø og vår!!
Bilde øverst er fra hytta vår på fjellet, og håper virkelig at vi kan få oss ei helg der oppe.
Bilde nr.2 er tatt i Sverige i fjor vår. 
Vi har store deler av gressmatta vår full med denne herligheten, 
og eg kjenner eg savner vårt kjære Skåne, som vi ikkje har vært til i høst da det bare ikkje har vært mulig..
Men håper håper!!

Ha ei flott veke videre de flotte folk der ute!
Nå skal eg sette meg og ta ein tur i bloggland c,")

Had to write a little to contribute the dicussion thats going on in the blogworld at det moment. 
And the photos are form our cottage in the mountains,
 and a flower in our springgarden in Sweden. 
Longing for both! 

fredag 3. januar 2014

Nytt år - nye mål!

Eller forsett om du vil. c,")

Men eg har faktisk valgt og sette meg mål. 
Kjennes litt lettare å halde då syns eg c,")

Eg er egentlig ikkje så mykje for ambisiøse nyttårsforsett, 
og har derfor aldri hatt det.
Men det er vel alltid tid for forandring c,")

Så her kjem nå mine val då:

1. Er faktisk å prøve å blogge litt meir aktivt. 
Kjenne at det eg har, gjer og syns om faktisk er bra nok!




Fekk denne nydelig tavla av foreldra mine. 
Den er fra 1800 talet og har vært i slekta sia då.

2. Skal bake meir og nyte å bruke Kenwooden min,
 som til nå har stått alt for mykje stille.



Fekk fleire av Manuela sine bøker til jul, 
og skal virkelig prøve meg på ulikt derfra


3. Har lært meg strikke i 2013, 
skal utfordre meg på dette i løpet av året som ligg føre.
Og samtidig skal det sparast for kvart nytt nøste som blitt tatt i bruk, så får eg sjå kor mykje det blir.


Starten på ei ny lue til tulla mi som behøvde ei lue med øreklaffer på. 
I Setesdalsmønster.

4. Det største målet mitt dette året, 
er faktisk at eg har tenkt å ha shoppe stopp på nytt interiør!
Oioi, dette kan bli vanskelig! Men har bestemt meg for å bruke det eg har her allerede, utfordre meg sjølv på gjenbruk og kreative løysinger på med dette.
Det gjeld ikkje møbler c,") 
Vi har planer om ny sofa og få rydda opp og få gjort klart rommet til tulla.


Min flotte store Kähler-vase er fyllt opp av flotte blomar,
 som er ei blanding av nyttårsbukett og venne blomar c,")  

Så får vi sjå korleis det går c,")

Har litt andre småting eg og har planer for,
 men det tar eg som det kjem. 

Så får eg vel prøve å huske og oppsummere om eit år, 
om eg har klart å gjennomføre c,")

Hei ei supergod helg!

Some of my goal for the new year! 
Have a very nice weekend!

torsdag 2. januar 2014

GODT NYTT ÅR!

2014

Ja kva bringer du? Fort kom du i alle fall c,")

Vi er allerede 2 dager inn i nytt år, og det kjennes litt som at jula bare kom og forsvant..
Takk og lov for at vi feira jul hos mine foreldre i år (eller i fjor), for ellers trur eg ikkje det hadde blitt mykje gjort.
Vi har hatt sjukdomsjul med stor S! 
Mannen fekk stille lungebetennelse påvist ei veke før jul.
 Bare nokre dagar før sa ryggen til underteikna i fra om at den ikkje ville vere med lenger.
På lillejulaften bare det på legevakta første gong med tulla vår - øyebetennelse, 
1. juledag slo sjukepleieren til å ringte legevakta igjen (i fjellheimen ringer ein legevakta for å få avtalt time med legen, kan ikkje bare møte opp liksom), for da var mannen så dårlig at t ikkje var forsvarlig lenger. Då vi skulle kjøre på legevakta oppdager vi at den slappe tulla vår med feber plutselig hadde MYKJE feber (over 40 g celsius). Så da bare det bare å putte ho og i bilen, og håpe at det ikkje var meir enn feber. 
Men joda, dobbeltsidig lungebetennelse, og full penicillinkur på henne og bytte av medisiner på mannen, og beskjed om å ikkje reise tilbake til byn før tulla var bedre...
Og som ikkje det var nok så måtte vi på legevakta igjen på 4. juledag..
Tula full av utslett så det var bare å bytte...

Jada så nei da og sånn var det..

Men, vi hadde jo klart å gjere litt heime før vi reiste, og det var veldig koselig å komme heim igjen til pynta tre og heim. Så sjølv om forma ikkje er på topp, så fekk vi nå feira litt nyttår vi og..

Så legg nå ut litt bilete av litt av det eg har pynta med i løpet av advent og jul.. 

Lite bilete tatt, men her er nå litt. De som følger meg på instagram har sett litt meir..




Ein av adventsstakene mine.. hadde fleire av dei ;) 
Denne er laga etter at eg var på ein liten inspirasjonsrunde i ulike butikker før advent.




Juletreet vårt som min mann har pynta..
Vi gjer det annakvart år, då vi har litt ulik meining om koleis det skal sjå ut c,")



Litt av pynten på treet...


I morgon kjem det litt om tanker rundt det nyet året som står framom.

Ha eit flott nytt år!

After at Christmas with mutch illness, 
here is some photos of some of the decorations we have at home..