Viser innlegg med etiketten interior design. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interior design. Vis alle innlegg

fredag 17. januar 2014

Ei felles utfordring

Vi laga oss sofabord vi.
Ja det tok litt tid da, men bare fram til vi først fekk ut fingeren..
For vi hadde jo snakka om og planlagt og tegna ei stund da..

For de som følger meg på instagram, såg at i haust så satt vi og planla..

For eg fant ikje det eg ville ha, 
og det vi hadde KUNNE vi så absolutt ikkje ha lenger.

Så da var det jo bare å sette i gang..
Vi tegna noe som vi (eg) hadde for meg i hovudet.

Kjøpte inn materiale og beis og satte i gang. 
Og her er resultatet:


(beklager dei fryktelig stygge hjørnebeskyttarane mannen har satt på hjørna)

Bordet er høgt nå i forhold til sofaen, 
men planen er jo i alle fall å kjøpe ny.
Men deilig med bord som ein slepp 
å bøye seg over om ein har kaffigjester c,")



Bordet er beisa i fargen værbitt tre.
Og er absolutt ikkje perfekt gjort, 
men unnskylder meg med at det var første gang..

Med pyntenagler i bordet fekk det endå meir røfft utseende..
Vi har valgt ulike bredde på plankene vi brukte,
 rett og slett for å gi det eit unikt preg.
Veldig fornøyd med det!




Beina på bordet har vi laga i vinkel. 
Altså satt sammen plankene i vinkel og dermed laga "åpne" bein på bordet. 
Vi diskuterte litt fram og tilbake, men kjærringa vant diskusjonen. 
Eg syns nemlig dette gjorde bordet veldig nett og mindre bastant.
Funka som bare den!

Og nå er jo drømmen om å lage eit bord i samme stil som spisebord i Sverige!
(her har vi bord som huseieren eier, og har ikkje noe plass og gjere av det)

Bordet fungerer heilt konge, og når det koster mindre enn mange av bruktborda eg var og såg på, kan eg vel ikkje klage c,")

Ha ei super helg!

Here are some photos of our sofatable, that we have built ourself.
Very pleased!
Have a nice weekend!


fredag 4. oktober 2013

O glede stor!

Egentlig bare innom for å ønske deg god helg!

Men så kom det ein ny herlighet inn i heimen i dag!
Endelig, og gleden var stor!
Litt dårlig samvittighet fordi eg brukte penger på den, men har jo venta såååå lenge!





Den store Omaggio-vasen!
Nå står den endelig på skjenken og eg kan sitte i sofaen og bare nyte synet c,")


Sjølsagt måtte eg innom blomebutikken!
Den måtte jo få selskap c,")


Så nå kan eg bare beundre c,")

Ha ei flott helg!
Og for dei av dykk som har høstferie, nyt den!!

Today the big Omaggio-vase came in to the household!
I´m so pleased!
Have a nice weekend!


fredag 14. juni 2013

Er du ei loppe?

Ja nettopp, er du ei loppe?
For det er eg! c,")

Eg nyt å kunne gå på loppemarked! 
Helst møte opp ei time før (eller i alle fall stå klar når det åpner), 
ha kontantene klar og ikkje minst finne det som eg veit er eit funn!
Det kan vere porselen(her i Norge innebærer det Egersund Feyance/Stavanger Flint/Figgjo av gammel årgang), bokser, duker, rammer og småmøbler. 
Går vi på "loppis" i Sverige kan eg gjerne finne større ting (mannen er livredd for det) og ting eg veit eg kan bruke til huset eller ute i hage/uthus.


Er det bare meg eller er det blitt meir trend i Norge og å arrangere loppemarked? 
I Sverige er det og har vore populært alltid liksom...
Syns at dei siste åra har loppemarknadene poppa opp både her og der i Stavangerområdet!
Og det er jo bare topp!!
Gjenbruk kan vi like c,")

Og her for eit par veker sidan var vi på eit privat loppemarked, etter eit dødsbo, og det var mykje folk der!
Men fekk nå med meg noko likevel c,")
Eg er litt "soft" for gamle fat og tallerknar og sånn..
Så då eg kom over denne her måtte den være med heim c,")


Tenker den havner over ei seng i eit av soveromma etterkvart..

Og jada, eg er hekta på japansk porselen.. 
Har alltid vært det, og etter min egen tur til Japan har det ikkje akkurat blitt betre.
Sjeldan eg ser etter det her, pga at et er få som har det. 
Men då eg såg desse skålene, satte radaren seg på, og den peip høgt!
Og ja då eg snudde dei, stod det:
"Made in Japan" 
Og ikkje minst hadde dei håndmåla stempel der og!


Så nå skal eg bare til "eksperten" min (har venner som har vore misjonærar i Japan) for å få vite om det er Arita porselen.. 
Men ingen krise om det ikkje er det heller, for lika dei like god for det.

Er du ei loppe??

Forresten veit du kva ein vinballong går for her i Norge om dagen?

Håper snart på å få kjøpt nytt kamera, og då kommer eg sterkt tilbake, håper eg!

Ha ei super helg! Håper vi får fint ver!
Are you a flea?
I am c,")
I love fleamarkets, and try to go to the one I can.
This bowles are my last capture. Love them!
The plate is an old version of the prayer Our Father in heaven.
The bowls are japanese porcelain..

Have a nice weekend!




fredag 22. februar 2013

Ønskeliste til 30årsdag

Ønskeliste til 30årsdag

Fyller visst år om ein liten månad..
Skal visst bli vaksen. c,")

Har lenge gått å sikla på nokre ting, 
men som lommeboka absolutt ikkje har tillatt meg å ta heim.

Så nå er vel ei fin anledning til å kanskje få noko av det heim?! c,")

Har lenge ønske meg nytt kamera. 
Jadå, klarer meg med det eg har, 
men det begynner å dra litt på åra, stakkar.
Så har lenge gått å sikla på eit Canon-kamera, 
bare ikkje klart å bestemme meg heilt for modellen ennå..
Så har ønska meg penger til eit nytt kamera...

Så var det den aldeles nydelige kameraveska til Kelly Moore (ikkje den på bilete), 
ved namnet Libby! I camel!
Den er bare SÅÅ lekker! Og ikkje minst praktisk for ei småbarnsmor c,")

Vasen fra Tine K er bare ein stor favoritt hos meg, og har våre det lenge!
Kanskje, kanskje... c,")

Holmegaard-lyktene var høgt på lista då dei kom på markedet, 
men den frosta er bare MMM!

Har fleire "stickerser" eg kan tenke meg å ha på veggen i huset i Sverige, 
når den tid kjem. Så derfor er det slengt opp to her. c,")

Kähler har så mykje fint, og eg har fallt pladask for Mano Storage Jar i kvit!
Praktiske, enkle og bare lekre på benken! 
Så nokon sånne kjem nok heim uansett.

Og dei nye unitene fra Kähler er jo og bare flott, 
kan tenke meg nokre av dei til oppbevaring!

Så krysser fingrene for at noko av dette kjem heim c,")

Nå er det visst fredag, og helg!
Her skin sola, og skal gjere det heile helga, 
så tenker det blir ut og lufte vetet litt dei neste dagane c,")

Ha ei fortreffeleg helg alle!

My birtday is coming up next month, turning the big 30th!
So here is a little witshlist.

Have a nice weekend!!