mandag 28. desember 2009

Julebord


Den 11.12 var eg på mitt første julebord!

Kvifor gidd ho å skrive ho om det, spør du kanskje.. Men tingen er at det er faktisk mitt første. Og det var ei oppleving! Kjempekoseleg! Med mine (etterkvart) faste kolleger!

Har aldri hatt noen faste kollegaer og heller aldri blitt invitert på julebord noen plass...

Joda da eg jobba på Madla (i heimetenesta) hadde vi ikkje julebord, bare ein julelunsj. Så det var liksom ikkje heilt det samme..

Har etter det bare jobba i vikarbyrå.. Og der har det ikkje vore noko julebord..

Blei veldig glad da Silje (sjefa) spurde meg om eg ville vere med på julebordet.

Og kvelden blei ein suksess! Koste meg stor, og blei betre kjend med mange av dei eg jobba saman med, og blei kjend med andre. :)




Gler meg til neste år!







mandag 7. desember 2009

Tunge dagar..


I dag er ein av dei.. Har hatt nokon den siste tida.. Tårene kommer litt fortare nå enn før.. Og det er mest Max som får sjå dei.. Eg orkar ikkje halde oppe fasaden - eller eg veit ikkje heilt kva eg skal kale det. For i utgongspunktet held eg ingen fasade. Eg har som regel gode dagar når det gjeld humør og tankar.. Men nokon dagar... når eg er mest sliten... då kjem tårene og negative tankar ganske fort..

Stakkar Max.. han får både sinne, klager og tårer.. Korleis eg kjenner eg ofte er fiasko, at ting ikkje går som eg vil/ynskjer... At kroppen ikje vil som eg vil.. Frustrasjon er vel eit ganske treffande ord...

Det skal ikkje mykje til for at det då tippar over.. Ein telefon, eit ord eller at eg ser at ting ikkje går som eg vil.. Off eg kan ikkje vere lett å ska ha med å gjer då.. Kliker for ingenting, eller plutseleg bare griner..

Håpar at når eg etterkvart kjenner kroppen min og grensene mine bedre slepp berg og dalbanen..

mandag 30. november 2009

Sjøgrens Syndrom

Sjøgrens syndrom... - ja det er visst det eg har.

Etter mange månader med blodprøver, legetimer, poliklinnikker, MR og ultralyd, smerter, hovne bein vondt i hovundet, ente med diagnosen...
Sjøgrens Syndrom - høres ut som ein full svenske eller noko sånn... Kan det ha med at sjukdomen er oppkalla etter han som oppdaga den.. -ein svensk lege..
Kva skjer med meg? Har tenkt den tanken alt for mange gonger dette året.. Max har spurt det spørsmålet mange gonger i løpet av året.. Vennene min har spurt, og legen har prøva å finne det ut.
Har kjent meg som hypokonder SÅ mange gonger.. Har vage symptomer som kunne lett ha blitt sett på som det. Og det var det min tidligare arbeidsgjevar trudde! For mykje fravær, sjukemeldingar, kunder som ikkje ville ha meg pga det.. Det øydela ryktet hans.. Prøva og forklare korleis det var, men det hjalp ingenting.. Så etter 3 vekers sjukemelding i sommar var tolmodet hans slutt.. Han sa meg opp.. Gått og vere ferdig med Manpower!

Men sjølsagt har eg tenkt tanken sjølv, kvifor fungerer eg ikkje?! Kvifor vil ikkje kvalmen slutte? Kvifor slepp ikkje kvalmen taket? Kvifor er eg alltid trøtt? Har fått spørsmålet - du er ikkje gravid då? NEI!!!

Og heldig vis har eg ein familie som har støtta meg, ein fantastisk forlovede som har vore der for meg heile tida,og venner som har holdt ut med meg som ikkje har vore den mest sosial det siste året.. Har ikkje orka, eller har vore dårlig...
Og har heldigvis hatt bevis på at ting er gale. Blodprøver som viser at kroppen slit med noko. Senkning som har vore forhøga i ti månader, andre prøver om har vore feil verdiar på, forhøg puls (ligg rundt 100 - normalt sal den ligge mellom 60 og 70).
Har teke så mykje blodprøver at eg egentlig hadde tenkt at eg o til å bli vant med det.. Men det har eg ikje! Det er like ekkelt/vondt kvar gong! Og folk ler av meg :) Du er jo sjukepleier, Torbjørg! Hjelper ingenting :)

Så kje telefoen fra legekontoret - du må komme inn igjen- blodprøvene er forhøga! Då blei eg engsteleg.. Etter så mange månader i uvissa, bare gått å venta på eit svar. Nå kjem det kanskje. Tørr ikkje gå aleine. Max er på jobb, så hankan ikkje vere med. Då blir valge Linn Therese. Min kjære veninne og forlover.
Kjem inn på legekontoret, og set meg ned. Legen ser på meg og seier at han har fått blodprøvene tilbake, og dei er veldig forhøga. Så nå vil han henvise meg til Haugesund - på revmatisk avdeling.
Han har ingen svar til meg, men svara på blodprøvene kan tyde på at eg har noko immunologisk eller revmatologisk sjukdom.

Så går det meste ganske fort. Brevet får Haugesund Santetforenings Revmatologisjukehus kom under ein månad etter at eg var henvist.
Med sommarfuglar i magen kjem eg til sjukehuset.. Pasient for fyrste gong etter utdanninga- veldig rart. Kor mykje kjem til å skje? Kor fort kjem ting til å skje? Kva finn dei ut? Korleis kjem eg til å reagere på det som skjer?

Og ting tok tid!!! Ei innkomstundersøking var det som skjedde første dagen! Ein legeundersøking neste dag, og det var det.. Kjenner eg blir irritert.. For eit system! Veit at det skal takastnye blodprøver, men dei skal ikkje takast før neste morgon, men den dagen skjer det ingen ting meir. Dagane blir lange. Takk og lov for at eg hadde med meg bøker.
Torsdagen kjem og bioinginøre kjem på morgonen og tapper ti glass med blod. Seinare på dagen er det legevissit, men får ingen fleire svar. Ventar på eit blodprøvesvar... Men dei set meg opp på ei fysioterapeutundersøking. Det skal sjekkast ut om eg har muskelsvinn/svakheter i kroppen. Så dette skjer same dag. Ingen utfall.. Torsdagen får eg besøk av ei god veninne! Og dattera hennes! Det var kjempekoseleg! På kvelden får eg gå i det varme bassenge saman med fleire av dei andre som er på avdelinga. Det var heilt herlig! Men kneet mitt synd ikkje det, det var bare vondt!
Går å venter på at legen skal komme å hente meg. Blir eg sendt ut utan diagnose? Får eg eit svar? Får eg bare permisjon og må tilbake til avd. å søndag? Eller gjev sei opp å leite?
Legen kjem... Mykje sommarfuglar i magen.. Ho seier at dei har fått svar.. "Du har Sjøgrens Syndrom!" Prøvesvaret kom tilbake positivt, med marginalar. Legen har det travelt, ho gjev meg den informasjonen eg treng, og seier at dei set meg opp på kontroll om fire månader. Ha litt spørsmål der og då, som ho svarar på. Men så var det neste mann. Mange som skulle skrivast ut den fredagen.
Er letta. Eg har endeleg fått svarpå at eg ikkje er hypokonder! Eg har fått noko spesifikt å forholde meg til! Eg treng ikkje unnskylde meg lenger!
Ringer min kjære, og sender melding til dei eg veit har bedt for meg og har fylgd meg i prosessen.
Kvardagen blir forandra frå den dagen. Eg er kronisk sjuk, medisinerast for resten av livet..
Alt må planleggast, og takas hensyn til. Melder meg inn i Revmatiskerforbundet. Er anbefalt det. Leser ein del om sjukdomen i informasjonen eg fekk på sjukehuset og å nettet.(http://www.revmatiker.no/)
Har fått beskjed om å vere open om det, og fortelle det til venner og kollegaer.. Lettaste måte for mg var rett og slett å skrive det på Facebook!

Sjøgrens Syndrom er ein sjukdom som, for meg, går på alle væskekjertler. Dei ytre. Dei produserer ikkje nok væske. For meg gjaldt dette spyttproduksjonen. I dårlege periodar kan eg kjenne vondt i ledd og musklar.. Slik som eg har nå. Og det kjem til å kjennast sånn til medisinane fungerer.

Er faktisk ganske optimist, trur at dette skal vi klare. Eg er den som kvar dag må kjenne på kroppen min. Men eg har ein kjæreste som må leve med meg, og ein familie som må leve med meg. Så her er det mykje som skal klaffe. Og det håpar eg det gjer etterkvart.
Eg elsker Max og familien min, og veit at dei gjer det tilbake. Og det gjer kvardagen lettare!

onsdag 25. november 2009

Mine svenske veninner!










Har i løpet av det siste året blitt kjent med to svenske jenter - Linda og Jessica. Linda kom i november i fjor. Via Bittan... Fekk ein dag ein telefon fra min svenske kollega om ei som hette Linda kunne komme og overnatte litt hos meg, for ho skulle til Stavanger å prøve å få jobb. Hennes store drøm var nemlig å reise til Asia i 5 mnd. Tenkte at det burde vel gå greit, siden det var ei veninne av Bittan, så svarte ja.

Og sånn hadde det seg at 25 november 2008 henta eg Linda utanfor Radisson Atlantic hotel i Stavanger sentrum. Det stod det nemlig ei skamblond jente og venta på meg. like nervøs som meg for kva som venta. Men det sa jo bare klikk, så stemte jo alt! Og året har jo bare vore kjempe bra! Linda hadde funne seg to jobber og leilighet i løpet av to dager.. Flytta ut av leiligheten min i løpet i enden av veka. Men vennskapet bare fortsette og vokse :) Og vi har vore gjennom mye i løpet av året. Turer, byurer, kvelder på byn, cafeturer, lange telefonsamtaler, og henging på Statoil Lagårdsvegen..

Eg visste at Linda hadde ei veninne som ho skulle reise med.. Ho var fremdeles i Sverige og skulle prøve å spare penger der.. Helga 17.mai hadde Linda planlagt at Jessica skulle komme for å sjå kor Linda er og jobber. Var veldig spent på kven denne jenta var! Korleis er ho i forhold til Linda? Blir kontakten der like bra?

Og det blei det! For ei jente! Like søt og god som Linda, samme humor og heilt samme kjensla som med Linda.. Helga varer ikkje lenge... Men ting skjedde heime i Sverige og jessica bestemte seg raskt at ho og ville til Stavanger for å jobbe :) i begynnelsen av juni kommer ho! Og eg har fått ennå ei gong fått ei ny veninne! Endå fleire turer, kvelder og mykje morro!

Og nå er tida komen.. Jentene har reist, eit år etter første møte.. 6 mnd til eg ser dei att! Mange minner, nokon tårer og mykje latter! Å sjå toge ta dei med seg i dag til morgonen var rart.. Uverkelig.. Einaste trøsta er at dei kjem att!


Ha ei fantastisk drømmereise jenter!!
Urulig glad i dåkke!!!












torsdag 8. oktober 2009

Til ettertanke...

En mann kom sent hjem fra jobb, trøtt og irritabel. Ved døren ventet hans 5 år gamle sønn. Sønn: Pappa, kan jeg spørre deg om noe?Far: Selvfølgelig. Hva lurer du på? svarte mannen.Sønn: Pappa, hvor mye tjener du i timen?Far: Det har du ingenting med! Hvorfor spør du om sånt? spurte mannen sint.Sønn: Jeg har bare lyst til å vite det. Kan du ikke være så snill å fortelle meg det?Far: Hvis du absolutt må vite det, så tjener jeg 250 kr. i timen.Sønn: Åhh, sa sønnen og kikket ned i gulvet. Kan jeg få lov til å låne 100 kroner av deg?Faren ble rasende. Hvis den eneste grunnen til at du vil vite hvor mye jeg tjener, er for at du kan gå ut og kjøpe deg en idiotisk leke eller annet tull, da kan du marsjere rett inn på rommet ditt og legge deg. Tenk over hvilken egoist du er! Jeg jobber ikke flere timer hver eneste dag for slik barnslig frekkhet!Sønnen gikk stille til rommet sitt og lukket døren.Mannen gikk og satte seg i stolen og ble mer og mer irritert over sønnens frekke spørsmål. Hvordan våger han å spørre om hvor mye jeg tjener bare for å få penger?Omtrent en time senere hadde mannen roet seg og begynte å tenke seg litt om: Kanskje guttungen virkelig trengte de 100 kronene for å kjøpe noe han trengte, og dessuten maste han svært sjelden om å få pengerMannen gikk til guttens soveroms dør, banket på og åpnet. Sover du, gutten min? spurte han.Nei, pappa, jeg er våken, svarte gutten.Jeg har tenkt meg litt om og kanskje jeg var litt for streng mot deg, sa mannen. Det har vært en lang dag og uheldigvis tok jeg sinnet mitt ut på deg. Her er de 100 kronene du spurte om å få låneGutten satte seg straks smilende opp og ropte: Tusen takk, pappa! Så stakk han hånden innunder puten og dro frem noen krøllete sedler.Da mannen så at sønnen allerede hadde penger, begynte han å bli sint igjen. Sønnen telte pengene sakte og kikket opp på faren. Hvorfor skulle du ha flere penger når du allerede har? murret faren. Fordi jeg ikke hadde nok, men nå har jeg det! svarte sønnen.Pappa, nå har jeg 250 kroner. Kan jeg få lov til å kjøpe en time av tiden din, for da kan du komme hjem en time tidligere i morgen og spise middag sammen med oss?Faren var knust. Han la armene rundt sønnen sin og ba om forlatelse.Dette er bare en kort påminnelse til alle som jobber mye. Vi skal ikke bare la tiden renne vekk uten å være sammen med de som virkelig betyr noe for oss, de som står oss nært.Vær så snill og husk på å spandere tid verd 250 kroner på noen du virkelig bryr deg om.Hvis vi dør i morgen, vil bedriften vi jobber for kunne erstatte oss i løpet av få timer; men familie og venner vi forlater, vil savne oss resten av livet.
(ukjent forfatter)

mandag 5. oktober 2009

Nattevakter

Max jobber nattevakter.. Han har hatt 11 nå.. Og det har faktisk gått bedre enn eg trudde det skulle.. Men det har vært tungt.. Har vi vore flinke har vi klart å se kvarandre nokre timar..- dei få timane han har vore vaken før han går på jobb.
Har prøvd å vere flink kjæreste å lage mat til han vakner. Har faktisk gjort det mange av dagane. Har kjørt ut til han og laga middag eller noko anna til han vaknar. Ein dag blei d rundstykker og ein annan heimelaga pizza.
Har jo jobba sjølv iløpet av perioden, så det er ikkje alle dagar vi har klart å vere i lag.
Det har vore kjempetungt!
Ein telefon ved leggetid, og meldinger ellers.. Men vi har klart d..
Nå venter det ei veke med jobbing for meg.. Og for Max... JA han skal jobbe masse dobbelt...
Men det går vel det og...

tirsdag 29. september 2009

09.09.09


For ein flott dato! Den dagen Max gjekk ned på kne for meg på Solastranda!

Dagen som begynte med ein god frokost, og koslig tur på stranda vi gjekk vår første tur sammen som kjærestar.

Tårene kom da Max gjekk på kne... Han hadde nemlig sagt at han aldri kom til å gjere d...! Veit at han ikkje hadde sove så godt om natta :)

Dagen fortsatte med god middag og film. Men først inn på Facebook for å skifte status:) Så var det bare å vente på reaksjonane ;)

Og dei kom!

For nokon gode venner vi har!

Den datoen kjem nok kje Max til å gløyme;)

torsdag 3. september 2009

Ein sommer er over...


Så var hausten her... Både på kalenderen og når ein ser ut av vindauga.

Sommaren har vore både opp og ned. Flott tur på Preikestolen med Max og Robin.
Volleball og Gla'mat, men og sjukemelding og ikkje så gode veker..

Nå er det blitt september og hausten ligg framfor..
Kva ber den med seg, og kva moglegheiter ber den med seg?



01.09.09


TANTE!
Jepp den datoen kom Kjetil til verden! 51 cm, 4340 g! Ein god gutt. Eller som bror min sa da an kom til verden: blå som ein smurf, feit som ein gris, og rett i matfatet ;o)
Kjært barn har mange namn, og Kjetil har visst noen allereie:o) Bl.a gjeldsarvingen, smurfen, vekkerklokka, lillebror..
Utrolig å ha visst at det var Kjetil som var inne i magen, og du går jo rundt og lurer på korleis han ser ut.. Så var han ute, og heilt perfekt for seg!
Skal bli spennande å følge deg, og bli kjent med deg lille venn!

mandag 10. august 2009

Sliten..


Jobber, sover, ete.
Og prøver og vere god kjæreste og vennine...
Men e så sliten..

mandag 27. juli 2009

Vanskelig...

Off, klarer visst ikkje heilt å følge opp... for dårlig til å oppdatere... Det har skjedd så mykje...

Vanskelig å sette seg ned og skulle finne ord... Hovudet vil liksom ikkje...

Egentlig har sommeren vore god.. Sjølv om ikkje alt har vore ein dans på roser...

Alt for mykje trøtt...

Vanskelig...

onsdag 15. juli 2009

Det regnar...

Det regnar.. Sommaren tok pluteslig ei liten pause.
Mykje har skjedd den siste tida. Har vore heime i over ei veke.. Fekk plutseleg 14 dagar "ferie", som nå er forlenga med ei veke til..
Har vore ein tur i Bergen. Var på generalforsamling for NLM(Norsk Luthersk Misjonssamband). Koseleg det!
Måtte og ein rask tur til Kristiansand på mandag ettermiddag.. Måtte ned med grandonkelen min, som for med ambulanse.. Spørsmål om TIA eller eit lite epilepsiansall... Blei sendt oppigjen samme kveld..
Mens nå pøver eg bare å slappe av, og søv masse...
Skulle ønske det slutta å regne...

lørdag 27. juni 2009

Va skjønt!

Va skjønt! Tenk å ha det så bra! Tenk og kunne nyte verden på den måten! Tenk...


Fantastisk ver, fantastisk kjæraste, heilt utrulig gode vener.. Ein super familie, eg e så glad i! Og for ein hærlig bu eg bur i!


For tia skulle ein tru det var syden! Men så er jo Stavanger ein by som veit korleis det skal vere på sommaren!


"Live e bare skjønt!"

torsdag 25. juni 2009

Sommer!

Da var den her! Sommaren var endeleg skikkeleg her, med nydeleg ver og ein fantastisk temperatur! Så synd at ein skal jobbe litt mykje akkurat nå.. Men får nyte alle timane eg ikkje er på jobb..
For ein herleg dag det var i går, med fri og bare kunne slappe av! Bare gjere det ein sjølv hadde lyst til!
I byen var det jo bare så deilig.. Sol, ikkje for mykje folk, og nesten ikkje vind!
Og mykje volleyballspillere! For i dag begynner VM i sandvolleyball, så det meste i Vågen var gjort klart... Får få med meg Robin litt til byen i helga, sidan Max skal jobbe dobbelt..
Håper bare varmen holder seg!!

torsdag 18. juni 2009

Nytt kamera...

Har kjøpt meg nytt kamera! Eit flott Olympus-kamera.. Kanonfornøgd! Og det er kjøpt i Sverige, på Netonnet.. Så spart penger på det til og med!

Kamerapakke med to linser med. Kan jo ikkje bli bedre! Og det til prisen(i norske kroner) av eit kamera!

Men så er det det da, at ein skal jo klare og bruke det litt også då. Og i alle fall klare å finne ut av dei mest vanlige grunnfunksjonane.. Og Torbjørg har jo da satt seg som mål at det skal ho klare.. Så det er bare å sette igong og lese!

Med det gamle kameraet mitt (seks år gammel digitalkamera), satte eg meg aldri skikkelig inn i funksjonene. Så fekk liksom aldri brukt ting som eg burde. Men eg klarte å ta ganske gode bilete for det altså :o)

Det er så mykje forskjellig, og sjølv om eg nok aldri blir noko stjernefotograf, håpar eg verkeleg at eg nå kan få tatt bra bilete, og bli flinkare til å ta med meg kameraet og verkeleg ta bra bilete med det!

onsdag 17. juni 2009

Sjoppa

Ja det har eg gjort i dag.. Har faktisk brukt penger på klede og sko.. Men ikkje bare for meg!
Gjekk vel litt a mokk, men veit at den eg handla til trenger kler.. Og dessutan går det an og bytte om det ikkje passar!
Kva gjer ein då: ein bur 18 mil frå næraste by, er sjuk og det er så tungt og prøve klede.. Heller ikkje greit når kiloa jobbar mot ein pga medisinar.. Då tar eg meg ein tur på Spar Kjøp(dei har SÅ mykje braog fine klede)!
Tenk og få kunne gå der og plukke litt forskjellig, og bare kose seg!!:o)
Tenke at den kan nok passe, den hadde ho vore fin i, er det rette sørrelsen?
Kjole, skjørt, bukse, capri-buske, t-skjorte, tunika, jakke... Alt funne med omtanke og glede!

Håpar at det meste passar!

mandag 15. juni 2009

Helga over..

Ja da var helga over.. Ikkje så mykje meir og sei om det. Jobba som så mange mandre helger..
Men har vært i byn med venner på lørdag, før jobb. Kjempekos! Godt vi har venner!
Ny veke, og nye muligheter. Kanskje eg rekker og lære meg litt meir om det ye kameraet mitt :o)

fredag 12. juni 2009

Heime igjen..

Reiste heim igjen igår.. Tog til Kastrup, fly til Oslo, og fly heim til Stavanger.. Maaange timer venting i Oslo! Med tannverk...
Fælt å reise.. Mi elskede igjen i Sverige.. alt for lenge til han kommer hit....
Godt vi har msn, sms og kan ringe til hveandre..
Savner...

onsdag 10. juni 2009

Forkjøla...

Sitter her og snufser... I halsen kjennes det ut som det sitter ein tennisball....

Smittebombe..

fredag 5. juni 2009

Studenten..

Jaha, da har eg vore med på det og! Den svenske utgaven av russefeiring! I Norge feirer russen, dei som går ut av vidaregåande, både ein og to månader. Så kjem 17. mai og da var det jamnt slutt. Mens her i Sverige er det ikke sånn! Her finns det ikkje russ, og alle leser til eksamen.. Men så slutter dei tidlig her, og då er det skikkelig feiring! Dei brukar heile dagen, med fotografering felles lunsj på skolen g utdeling av standpunkt! Så står foreldre, søsken, søsken, tanter og onkler osv og tar i mot dei når dei kjem springande ut frå skulen.. Ferdige!! Blir mottat med blomster, kosedyr og klemmer!
Dei ulike klassane har laga sine vogner, leier kjøretøy og sjåfør. Så kjører dei parade i byn etter det. Akkurat som norsk russetog! Knallkjekt! Fest og middag etterpå med familie og venner seinere på kvelden! Ein skikkelig avsluttning på sin skulegong.. Før det "voksne" livet begynner, som høgere studie og evt. jobb...
Kanskje ein skulle ta ein kombi i Norge...

søndag 31. mai 2009

SOL!


Heilt fantastisk! Endelig kom den! Varme, kald drikke, lett i kledane, og litt eksta godt humør! SOL! Endelig kom den, og den tok med seg varmen! Da gjer det ikkkje så mye at ein jobber, for når ein er ferdig så er det fint ver! Tenk og kunne sitte på terassen og bare slappe av med ein isklad Coca Cola! Bikini på, og bare flate ut! Heilt fantasktisk!

mandag 25. mai 2009

Ein merkelig dag...

Det har vore ein merkelig dag i dag... Alt for mykje vondt som har skjedd rundt meg i helga.. Rart og komme på jobb, og det manglar nokon... Stille og laber stemning blant oss. Håper alt går bra! Klarer ikkje heilt og nyte det fine veret.. Har du høyrt nokon meir? Kjem Marit i dag? Er Katja framleis stabil? Mange spørsmål og dessverre mindre svar..
Det har vore ein merkelig dag...

fredag 22. mai 2009

Hage...


Det er så mykje å velge mellom! Tre, busker, ettårige og fleirårige blomar.. Kvar skal dei stå, kvar skal ein ha kva?!
Vanskelig å velgje og bestemme seg. Fuchsia, roser, dekkande, klatrande, hekk eller ikkje..

Har forelska meg... Den er i fleire farger, og minner meg om hagen til bestemor... Den har ulike former på kronblada, kan vere ettårig eller i laukform...Kan vere både liten og stor. Har fallt pladask for den! Den er bare nydelig! Georgine! Kunne bare hatt den i heile hagen!! Men foreløpig får det halde med at den skal få pryde "tønna" mi på altanen!

onsdag 20. mai 2009

Snart helg igjen..


Ja då va det jammen meg snart helg igjen.. Først ei fantastisk helg med Melodi Grand Prix(Melodifestivalen), og 17. mai, så ha vi jammen meg langehelg! Men for oss nordmenn veit vi jo at mai er velig mykje fri!

Hadde ein herlig dag på søndag! Så koseleg å vakne og vite at eg hadde fri og skulle få feire med min kjære og gode venner! Fint ver og ikkje for kaldt, så kunne det absolutt bli ein god dag! Og det blei det og!Alt går kje som ein planlegg, men det gjer jo ikkje så mykje så lenge det likevel blir ein god dag!:o)

Barnetog, russetog, folketog og grillmat! Kan det bli bedre?! Is, brus og pølser, mykje folk og kjempestemning. Sånn skal det verkeleg vere! Tenk så godt og kunne få feire sitt land på den måten!


Så blei det mandag...

Tysdag kom og Torbjørg skulle streike! Det er godt eg kan få oppleve dette, sjølv om det ikkje var som sjukepleiar;o) Det var godt og vite at det ikkje var så lang dag, og at vi skulle gjere lite anna enn diskutere litt for hausten i barnehagen... (Aksjonen var for å vise politikarane at det ikkje er greit at dei legg statstøtta til private barnehagar over til kommunen!! Sjå barnehage.no)


Onsdag og det er nesten helg igjen.. Ut og handle litt på Plantasjen med Max, flr han går på jobb. Vasking av tøy og sove litt resten av dagen... Helligdag i mårra..Fotballkamp i mårra.. Og kanskje litt anna action.. Veit jo aldri..


Resten av helga går til litt jobbing.. Er visst veldig attraktiv i helga;o)

lørdag 9. mai 2009

Smittsomt...

Kva skal ein gjere? Ein kjem på jobb, på ein plass ein aldri har vore på før... Som er ganske vanlig for meg... Og kva møter meg, joda, heile(i alle fall nesten) etasjen ligger på isolat!!! Det HERJER smitte! Full isolasjon på 2/3 av alle pasientane! Jippi liksom...
Trøtt i tryne og ikkje heilt klar for å jobbe, var det vel bare og sette i gong for.. Vikar sjølv og med bare ufaglærte assistentar kunne det jo bli ein stålande dag..
Men det er bare å trå til, styre litt og la dei som har vore der litt frå før styre lit meir:O)
Sprang som ein tuling i dag; oppkast, diare, terminal pasient, og bare meg som visste heilt sikkert kva full isolasjon betyr!!
Men overlevde, og trur ikkje eg glømte for mykje..

Det er dette fantastiske livet eg har sagt eg vil jobbe med!

torsdag 7. mai 2009

Venner

Har vore i byn i dag.
Hatt lunsj med ei god veninne! Igår var det kino og litt mat med ei eg ikkje har sett på lenge. Like koseleg begge møta!

Den eine ser eg mykje til, fordi ho bur i byn. Den andre litt mindre, men SÅ kosleg når me møtast! Har vore veninner sidan vi kunne krype..

Det er utrulig godt og ha nokon ein veit at er glad i deg og bryr seg om deg som den du er.

Ein møter skuffelsar frå dei ein trur er venner, knytter kontaktar og bryt andre.

Men slik er vel livet.. skuffelsar, gleder, redsle, bekymring og sjølvransaking.

Men nokon venner er ALLTID der! Det er dei vi skal passe på!


"Venner i tynt, venner i tykt.
Venner gjør livet så godt og så trygt.
Venner i motgang, venner i glede,
holder deg oppe når du er nede.
Venner er herlig, venner er bra,
venner som deg er det beste man kan ha.
Sender en klem til en kjempgod venn, ta imot klemmen og kos deg med den!"(Melding fra ei god vennine)

onsdag 6. mai 2009

Blodprøver


For eit system!! Hørte mange slike kommentarer i dag til morgonen! Her får vi beskjed om å møte 8-8.30 også opnar dei ikkje før 9!
Har vore og tatt nye blodprøver i dag... Denne gonga på sjukehuset(SUS). Skule ta ei prøve som skulle takast kl 8 ifølge legen min. Så møtte opp då. Men hadde dei opna? Trur kje d.. Så då var det bare og vente.. Det kom fleire som skulle leggast inn på sjukehuset. Vnlig prosedyre og då møte for prøvetaking. Mange småsure kommentarer...

Klokka blei halv ni, og over halv ni... og ingen kom og opna opp.. "Ja her er vi visst prisgitt di som jobbe her!"
Heldigvis var eg førstemann i køen!

Hadde sove lite i natt..liker ikkje å bli stukken. Og det har surra litt andre tanker der oppe...
Kanskje det er noko alvorleg gale? Kvifor er eg konstant trøtt? Kvifor er prøvene mine forhøga?
Det er ganske slitsomt...

Tusen takk min kjære, som holder ut med meg! Trøster meg og får me til å le!
Kanskje eg hadde trengt ein hage som den bilde er frå(japansk hage i Kobe), der eg kunne ha medistert litt, og bare nyte hagen i lange gode timer..

tirsdag 5. mai 2009

Døra


Redigert litt på bloggen i dag.. Er jo ikkje akkurat noe datageni, men fekk det nå til.

Såg plutselig eit bilde eg tok i Japan.. Døra som går inn til ein nydelig hage. Er det slik live skal være? Er det det livet skal være? Ein port inn til ein nydelig hage?

For tida er livet litt tungt.. Men kanskje dette kan være det eg får ein dag? Få gå inn i evighetens hage og få nyte den...

søndag 3. mai 2009

Mitt nye blogprosjekt!


Skal prøve nå da.. Kanskje eg klarer og følge opp det her.

Skrive litt tanker og opplevelser, filosofere litt..

Skrive både på gode og vonde dager.

Kanskje det kan hjelpe meg til å bli flinkere med å ta bilder! Kanskje det kan hjelpe andre til å forstå meg meir, eller meg sjølv til å forstå meg..

Det er i alle fall eit forsøk verdt:O)