torsdag 18. juni 2009

Nytt kamera...

Har kjøpt meg nytt kamera! Eit flott Olympus-kamera.. Kanonfornøgd! Og det er kjøpt i Sverige, på Netonnet.. Så spart penger på det til og med!

Kamerapakke med to linser med. Kan jo ikkje bli bedre! Og det til prisen(i norske kroner) av eit kamera!

Men så er det det da, at ein skal jo klare og bruke det litt også då. Og i alle fall klare å finne ut av dei mest vanlige grunnfunksjonane.. Og Torbjørg har jo da satt seg som mål at det skal ho klare.. Så det er bare å sette igong og lese!

Med det gamle kameraet mitt (seks år gammel digitalkamera), satte eg meg aldri skikkelig inn i funksjonene. Så fekk liksom aldri brukt ting som eg burde. Men eg klarte å ta ganske gode bilete for det altså :o)

Det er så mykje forskjellig, og sjølv om eg nok aldri blir noko stjernefotograf, håpar eg verkeleg at eg nå kan få tatt bra bilete, og bli flinkare til å ta med meg kameraet og verkeleg ta bra bilete med det!

Ingen kommentarer: