søndag 14. august 2011

Tida går alt for fort!

Plutselig er ei veke gått! Ja eg har vore innom her dei siste dagene, men har ikkje kjent lysten til å skrive..

Men det har skjedd ting her i heimen og denne veka. Eller eg har jo ikkje vore her heile veka. Har nemlig vore på hyttetur med opphavet! Kjempekoselig! Flott ver, og koselege køyreturar på plassar vi ikkje hadde vore før :)

Eg bare må vise dykk sengetøyet eg fekk ligge i på hytta. Det er eit gammalt sengetøy som var funne fram fordi det var rett storleik :)  Digga det!

Etter ein liten tur til Lillesand kom der og ting med heim, men det blir eit anna innlegg :)

Ellers har det bare kome inn ein liten ny ting i hus. Den måtte bare vere med heim, sjølv om eg eigentlig bare skulle ha ein "sjå men ikkje røre" runde på Fem Høns på Randaberg, på fredag..

Eg har nemlig ikkje dette frå før, og har av og til sakna det når eg har besøk. Så då måtte den bli med heim :)



Så nå står den i hylla på kjøkkenet i all sin skjønnhet :) Var den ikkje fin vel? :)

Ha ein flott søndag!

1 kommentar:

Fredheim Zahara sa...

digger digger bare så absolutt digger sengetøyet;)