fredag 3. januar 2014

Nytt år - nye mål!

Eller forsett om du vil. c,")

Men eg har faktisk valgt og sette meg mål. 
Kjennes litt lettare å halde då syns eg c,")

Eg er egentlig ikkje så mykje for ambisiøse nyttårsforsett, 
og har derfor aldri hatt det.
Men det er vel alltid tid for forandring c,")

Så her kjem nå mine val då:

1. Er faktisk å prøve å blogge litt meir aktivt. 
Kjenne at det eg har, gjer og syns om faktisk er bra nok!




Fekk denne nydelig tavla av foreldra mine. 
Den er fra 1800 talet og har vært i slekta sia då.

2. Skal bake meir og nyte å bruke Kenwooden min,
 som til nå har stått alt for mykje stille.



Fekk fleire av Manuela sine bøker til jul, 
og skal virkelig prøve meg på ulikt derfra


3. Har lært meg strikke i 2013, 
skal utfordre meg på dette i løpet av året som ligg føre.
Og samtidig skal det sparast for kvart nytt nøste som blitt tatt i bruk, så får eg sjå kor mykje det blir.


Starten på ei ny lue til tulla mi som behøvde ei lue med øreklaffer på. 
I Setesdalsmønster.

4. Det største målet mitt dette året, 
er faktisk at eg har tenkt å ha shoppe stopp på nytt interiør!
Oioi, dette kan bli vanskelig! Men har bestemt meg for å bruke det eg har her allerede, utfordre meg sjølv på gjenbruk og kreative løysinger på med dette.
Det gjeld ikkje møbler c,") 
Vi har planer om ny sofa og få rydda opp og få gjort klart rommet til tulla.


Min flotte store Kähler-vase er fyllt opp av flotte blomar,
 som er ei blanding av nyttårsbukett og venne blomar c,")  

Så får vi sjå korleis det går c,")

Har litt andre småting eg og har planer for,
 men det tar eg som det kjem. 

Så får eg vel prøve å huske og oppsummere om eit år, 
om eg har klart å gjennomføre c,")

Hei ei supergod helg!

Some of my goal for the new year! 
Have a very nice weekend!

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg likte spesielt godt nummer 3 og heier på deg der! :D Ser du har kommet langt allerede da, men mønster og greier!

Og så er det et veldig bra mål å være fornøyd med det en har er bra nok. Det må jeg også jobbe med.