mandag 22. august 2011

Skulestart og ferie

For dei aller fleste starter skulen i dag, eller nokon har kanskje godt ei lita veke allereie?

Her i gården starter faktisk ferien i dag! Og gjett om det skal bli godt! 

Har sjølv ein liten, eller han er vel stor nå, "tanteunge" som begynnte på skulen i dag! Og han var så stolt! Gutten til besteveninna mi har første dag på skulen i dag. Og han har gleda seg kjempemykje! Så det var bare glede i andre enden av telefonen da eg snakka med han i dagmorges! Tenk at han har blitt så stor!! 

Men nå blir det siste innspurt med pakking i bilen, og så snur vi nasa mot Sverige, og tre veker der. Kameraet er sjølvsagt med, så blir nok fleire "blinkskudd" i løpet av ferien :)

Ha ein flott dag!

 

1 kommentar:

Ingrid Tunheim sa...

God tur og god ferie.....