torsdag 19. januar 2012

Blomster torsdag


                                                                                                                            
Etter mykje om og men, problem med pc og kamera, kjem første innlegg 
om blomster-inspirasjon på torsdag c,")

Eg starter kanskje litt kjedelig, men tenkte eg skulle begynne på scratch. 


































Det eg har brukt i dag er som vist på biletet over.


Bakepulver??!! 
Jepp, det er eit glimrande middel å bruke ved reingjering av vaser med ring i..
For du veit at du ikkje skal bruke vaskemiddel, som Zalo, eller liknande når du skl reingjere dei?!
Grunnen til dette er at blomane tåler ikkje restane som blir liggande igjen, og som dei då får i seg ved neste bruk.
Derfor bruk ein kork Klorin til å ein liter vatn, vask, og skyll nøye etterpå.

Om du ønsker å få vekk "reste-ringar" i vasen, fyll vatn opp til ringen, og ha oppi ei skei med bakepluver. Det begynner då og bruse, og denne kjemiske reaksjonen løsner opp skitten.

Blomane eg har i dag er rett og slett ein bukett med tulipanar og ein med roser.
Gjennom bileta vil eg vise deg korleis ein får ein god bukett som varer lengre, og som du kan sette opp sjølv (ofte spør dei i butikken om du vil ha dei oppsett, og det koster som regel litt ekstra) på butikkvis c,")

Eg begynner med tulipan:


Tulipan kjem i plastinnpakkning. IKKJE ta den av med ei gong! Om du beheld den på eit par timar etter at blomane er sett i vatnet , slepp du tulipanar som heng over kanten på vasen..  





I ein tulipanvase skal det ikkje vere mykje vatn. Max 5 cm.
For å få lengre levetid, er det viktig at vi unngår mest mulig bakteriar i vatnet. Derfor ta vekk dei blada som ein ser kjem under vassflata.




Prøv å få ca lik lengde på stilkene, slik at det ikkje blir for mykje ulike lengder på blomane i vasen. Dette gjeld om du har ein type blom. 







Tulipanstilker er "mjuke" stilker, og for å få godt med porer som skal ta opp vatn, snittar du dei rett av.










 Legg stilkane "rundt" slik som på biletet. Då ligg der ikkje nokon stilker i klem, og alle kan ta opp vatn.


Sett blomane i kaldt vatn, kan godt ha i litt isbitar, for å ha god holdbarhet. Sett dei kaldt helst kvar kveld. Då dreg ein ut blomstringa.













Her står mine og pryder nå. 
Betre bilete kjem i morgon.

Rosebukett:

Ved kjøp av rosebukett får du dei ofte med mykje blad, og torner på.
Som for tulipan, fjern det! Og gjerne godt opp på stilken, som på biletet under:

Snitt stilken på rosene på skrå. Rosestilken er "hard", som på kvister og liknande. Skråsnittet opnar då flest porer som kan dra vatn.
Sett saman stilkane i "sirkel" slik at ingen stilkar ligg i klem. (Om de ikkje forstår dette, så spør, så skal eg prøve å få vist det på god måte i anna innlegg)



Ved setting i vase, skal rosene ha VARMT vatn! Då lukker ikkje porene seg så fort.

Om de ser at blomane begynner å henge litt med hovudet etterkvar, snitt dei på nytt, og fyll på (ikkje bytt) vatn.
Resultatet ser slik ut. Gler meg til knoppane kjem!

Bilete av plassering kjem seinare.

Dette blei langt innlegg! Håper du hang med!

Skal prøve å lage litt kortare innlegg seinare. Kjem til å vise til dette innlegge når det gjeld snitting og sånn c,")

Takk for at du såg innom!!

TOday I´m showing how to cut tulips and roses.
Hope you got it!!
Thanks for looking in!!

3 kommentarer:

Valheim gard, landliv i Ryfylke sa...

Takk for tips !
Ser eg kansje kan få tulipanane til å vara litt lenger enn dei gjer her i huset ;)
Får prøva ut detta på dei neste :)

Ha ein fin dag !
Klem Birgit

Unni sa...

Så kjekt og lærerikt! Tusen takk!

Øyeblikk sa...

Så bra! Tusen takk for supergode tips, Torbjørg :) Me snakkast på mandag!

Klem Eli