tirsdag 3. januar 2012

Nytt år og nye drømmer..

eller egentlig ein som eg har dratt med meg frå i fjor..
Nemlig drømmekjøkkenet..

Kjøkkenet i Sverige er stadig under oppussing og er kjøpt inn brukt, til ein god pris..
Men store drømmen er jo å ha kjøkkenet slik vi vil ha det!!

Røft,praktisk men ikkje for mykje industri og ikkje for romantisk.. 
Jada, store tanker kanskje, men det er målet.
Har sitte å leita litt, diskutert med den andre halvdelen i ekteskapet, 
og prøva å få nokre tanker fram på bordet.

Det var egentlig dette bordet som fekk tankene til å surre.
(living.no)

  Vi har lenge snakka om å ha barbord på kjøkkenet (vi skal ha separat spisestue).
Dette kunne vore eit alternativ. 
Men har rett og slett komme fram til at vi skal prøve å bygge eit.

Ellers har vi komme fram til at vi vil ha ein vegg med skap opp til taket.. Med ulike løysinger på skapa..

Dette er noko av det som har gitt meg små idear om korleis ting kanskje kan likne på:

(google -bilder)
Liker løysinga på overskapa.

(google-bilder)

Praktisk løysing av hjørne.

(google-bilder)

Liker benkeløysing.
(google -bilde)

Liker ulike løysinga på skapdørene.

Eg er nok lys på hovedløysinga, men litt røffe element til å bryte av, er meg c,")
Og så må vi tenke tilrettelegging for framtida ift. helda mi...

Blir spennande å sjå kva det nye året byr på på denne fronten..

Hadde du vetorett på kjøkkenløysinga, eller?


Have had a kitchen inspiration-round today.. 
Light solution with some rough elements is me..
Some of the elements in these pictures have inspired me..


2 kommentarer:

Annfrid sa...

Kjøkkenet mitt kom med huset, men er godt fornøyd når det ble lyst.
Rett og slett en ny verden:-)

Godt nyttår.

Klem

Øyeblikk sa...

Me bytta ut kjøkkenet for to år sidan, og fekk det akkurat slik me ville ha det med tanke på den plassen me hadde til rådighet. Fekk flytta vasken under vinduet og koketoppen i hjørnet. Me har ein teknisk vegg og ellers ingen overskap og det gir luft og reint inntrykk synest me. Men det er klart at du mister jo skapplass. Kjøkkenet er me kjempe fornøyde med, og eg hadde rimelig løyse tøylar i det meste av planlegginga når me berre hadde blitt enige om skapfrontane.

Godt nyttår, Torbjørg :)

Klem Eli