onsdag 22. juni 2016

Du må være sterk!


"Du må være sterk!"(som klarer dette),
 er noe eg har hørt mye den siste måneden..
Kva svarer ein på det?! 
Eg kjenner meg ikkje sterk, bare at eg må. 
At eg kobler ut følelesene, at eg fokuserer bare på dattera mi. 
For den siste måneden har vært eit mareritt!

For de som ikkje følger meg på instagram eller kjenner meg, så har den siste mnd vært sjukehus, sjukehus, sjukehus..
Dattera blei sjuk helga før 17.mai. 
Innleggesle, operasjon og prøver som ikkje stemmer har vært kvardagen. 
Sonde, venefloner, cvk, antibiotika, væskertilførsel, 
ultralyder, ja eit uendelig sammensurium av sjukehus...

Men så var det den setininga da..
Du må være så sterk som klarer dette! 
Nei eg er ikkje sterk, eg er mamma, sjukepleier og fortvila.
Tårene har rent mange ganger.. Ikkje så synlig vel og merke, men dei har rent. 
Ikkje mange som får se dei. 
Kan ikkje grine så dattera(eller sønnene mine) ser det. 
Men kvelder, bilturer til og fra sjukehuset, i enkelte telefonsamtaler, då har tårene rent.

Og ja eg er sliten, uendelig sliten...
Kan ikkje slappe av, dattera er sjuk - veit enda ikkje kva ho feiler(får kanskje aldri svar).
Venter på prøvesvar, nye polikliniske timer.
Uendelig spenning kvar gong. 
Men det går jo. Må jo det.
Heldigvis har eg ein å dele det med.
Heldigvis har eg ein ektemann som har holdt trådene heime.
Ein som har tatt seg av sønnene heime, som har komme på sjukhuset når legevisitten virker skremmende, som holder rundt meg på tøffe dager.




Men sterk?, veit eg ikkje, er vel kanskje det?!
Kva er sterk?

Eg bare "må".

Ingen kommentarer: