fredag 15. april 2011

Endeleg fredag!!

Beklager eg ikkje har gjeve lyd frå meg! Men har hatt litt for mykje å gjere.. Av alt muleg forskjellig..

Som de ser er putene ferdige!(eller det manglar nokre trykknappar her og der)
Har jobba intenst med dei for å få dei ferdige før påske. Godt å ha dei gjort! Og er ganske fornøgd eigentleg :) Sofaen vart heilt annleis, med deilige lyse og livete! Elsker mine små blå puter!

Har og teke i bruk glaset mitt, det eg fekk tak i på loppemarked sist helg! Har "stjåle" telysidéen frå ei god veninne. Har fått lov :) Har då pynta det litt med ein blodnekant og eit band. Eg syns det blei fint! Godt med alt som ikkje tek opp plass i skuffer og skap :)


Har pynta til påske og rydda før helga i dag! Har kjøpt inn gule tulipaner og lilla fresia. Tenker at påskeliljene kan komme litt seinare ut i neste veke.. I påske-egget ligg det for tia smågodt. Påskegodiset vil min mann ha regi over, så han har sagt han vil stille med det :)

Har litt meir småting eg skal gjere for å få skikkelig påskestemning. (Bilete kjem seinare)

Denne lille godtekrukka har eg teke i bruk til fleire tulipanar. Den står i trappa vår og tar imot gjestene vår. Krukka høyrer til eit polsk servise eg kjøpte for maaange år sidan. Det har MYKJE prikkar! Men eg syns det har sjarm :) (beklager der litt uklare bilde)




Til slutt må eg bare vise den påskepynten eg har mest minner og koselige øyeblikk med! Fekk denne av tanta til mamma då eg var liten. Den åpnast på midten, og på påskemorgon stod den klar proppfull med godteri! Storebror min har ein Donald som fungerer på samme måte.. Dei andre brødrene mine (3 i tallet) har kvar sin hare med hatt og sløyfe på :)
Eg kjenner at eg heller vil ha denne med godteri enn påskeegget... Det kan heller bare ligge på bordet og by på alt det gode :)

Ha ein flott kveld vidare!

Ingen kommentarer: