torsdag 21. april 2011

Kosedag

Mannen min fyller året i dag!! Då han faktisk jobber kveldsvakt i dag (vi jobber begge i helsevesenet), hadde vi ein koselig frokost ilag, og har bare kosa oss.
Eg er framleis sjuk med feber, så eg har vel ikkje vore det mest aktive fødselsdagsselskapet, men koselig har det vore.
Vi har og under formiddagen fått tak i nye madrasser til vår nye seng i Röke. Min mann er skåning, og planen etterkvart er at vi flyttar permanent til Sverige. Vi har hus der som vi pusser opp. Vi har ei GEDIGEN vattenseng der, som eg ikkje klarer å sove skikkeleg i pga revmatismen. Og den drar gankse mykje størm, så vi har bestemt oss for å bytte den ut. Vi har derfor raida Blocket dei siste dagane for å se om vi kunne finne noko brukbart og midlertidig, og som går an å evt bruke i andre senger seinare. Og det har vi klart i dag! Jippi!

Prøver elles i dag å smårydde litt mellom svettetoktene. Har funne ut at temperaturen min køyrer berg - og dalbane med meg :)

Mannen fekk Anton Bergh marsipanegg av mg i dag, og han var så fornøgd! Han tok dei med seg då han skulle på jobb :) Så eg tvilar litt på at det er så mykje igjen av dei om eit par timar :)

Biltete er tatt på Varhaug gamle kyrkegard, sommaren 2009.


Ha ein flott Skjærtorsdag!

Ingen kommentarer: