torsdag 21. april 2011

Skjærtorsdag

Matt. 26, 14- 30
14. Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskriot, til øvsteprestane.
15.Og han sa: Kva vil de gje meg for at eg skal gje han over til dykk? Dei vog då tretti sølvpengar til han.
16. Frå den stunda leita han etter eit høve til å svika Jesus.
17. På den fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og sa til han: Kvar vil du at vi skal gjera i stand for deg til å eta påskelammet?
18. Han sa: Gå inn i byen til ein mann der og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær. Hjå deg vil eg halde påskemåltid saman med læresveinane min.
19. Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet.
20. Då det hadde vorte kveld, sette han seg til bords med dei tolv.
21. Medan dei åt, sa han: Sanneleg seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.
22. Dei vart svært sorgfulle, og ein etter ein tok dei til å spørje han: Det er vel ikje eg, Herre?
23. Men han svara og sa: Den som duppa handa i fatet saman med meg, han skal svika meg.
24. Menneskesonen går bort, som det er skrive om han. Men ve det menneske som svik Menneskesonen. Det hadde vore godt for det mennesket om han aldri hadde vore fødd.
25. Men Judas, han som sveik han, tok til orde og sa: Det er vel ikkje eg, rabbi? Han seier til han: Du sa det.
26. Medan dei no held måltid, tok Jesus eit brød, signa det og braut det, gav læresveinane og sa: Tak, et! Dette er min lekam.
27. Og han tok ein kalk, takka, av dei og sa: Drikk av han alle.
28. For dette er mitt blod, paktblodet i den nye pakta, som vert utrent for mange til forlating for syndene.
29. Men eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.
30. Og då dei  hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

Ingen kommentarer: