søndag 19. juni 2011

Gressenke

Men klarer meg veldig godt for det. Har ikkje så mange dagane igjen før mannen kjem att, og har ein del planer om ting som skal gjerast dei dagane. Så forhåpentlegvis går dagane fort.

Frå tysdag skal eg heim ein liten tur, har ein liten avtale med tannlegen.. Men heldigvis er det ikkje borng innvolvert.

Så håper at eg då kan få tatt den vesle turen eg hadde tenkt å ta sist eg var heim. Har nemlig håp om å få tatt litt bilete av den fantastiske heimplassen min. Ja for endelig klarer eg å sjå at den faktisk er det. Då eg budde der, for over 12 år sidan, kunne eg nok ikkje komme fort nok bort der frå. :)
Håper bare at veret held seg!

Beklager at det er sjeldan mellom innlegga, men har framleis ingen pc. Og mannen sin er jo liksom i Sverige. Dagens innlegg er gjort frå pc på jobb :)

Nå kjem det ei ny veke, og vi håpar då alle på fint ver!! Ikkje sant?

Husk at kvar dag er ei gåve!

Ingen kommentarer: