lørdag 25. juni 2011

Turist i eigen by..?!



Har lenge tenkt litt på korleis ein som turist ser Stavanger by..  Eg har i fleire år budd nesten midt i byen.. Närare bestemt på Våland. Og så herlig det var! Men etter at eg blei gift har eg flytta litt lenger ut frå sentrum, men kjenner likevel at eg bur sentralt! 

Eg sjöl syns jo at byen eg bur i/ved er flott heile året! Ja ok, den er jo bare ein skikkelig sommarby! Med festivalar som vikelig bare avlöyser kvarandre! Mange plassar ein kan sitte ute heile sommaren og ete eller få noko godt i glaset! Og ikkje minst kan ein gjer det på Vågen! 

Vi har Gamlebyen, Domkyrkja, Valbergtårnet, oljemuseet, teateret, osv midt i byn! Men tenk på alt vi har rundt! 
Tre sverd i Hafrsfjord, Solastranda, Preikestolen, Kjerag, Jären med sitt flotte landskap, Gloppedalsura.. Ja ein kan virkelig bare nevne i fleng! 

Men så tenkte eg, kva er ein turist opptatt av?

Når eg kjörer på jobb for tida, står det ofte både ein og to bussar ved Tre sverd. Så det er jo i alle fall populärt :)

Så tanken min var egentlig i dag, å ta med meg kameraet til byn og leike turist.. Men det blei ikkje heilt sånn.. 

Eg har nemlig ikkje vore inne i byn på nokre månader, og dermed blei det litt meir fokus på rolig temp og litt shopping :)

Jaja, ei anna gang..

Men ein ting eg fann ut var: Stavanger sentrum kryr jo av små flotte interiörbutikker!!

Får lage eit litt anna innlegg om det :)

Kva er det finaste med Stavanger for deg?
Noko spesielt ein bör få med seg?
Spesielle minner frå byen?

Kosa meg skikkelig i dag i alle fall!!


Ha ein flott laurdagskveld!! 

 




Ingen kommentarer: