onsdag 27. april 2011

Alt mulig dag!

Jepp, i dag er ein sånn dag. Skal gjere litt alt mulig :) Har allerie klart å male eit strøk på dørene til skjenken, sette to av skuffene på plass, levert sjølangivelsen (noko styr kvart år det der), sett på ei maskin med sengeklede, og fåt meg to timar i sola!! Ganske så fornøgd. Resten av dagen går i litt meir behageleg tempo. Skal male litt meir, og forhåpentlegvis få dørene på plass.. Rydde litt, vaske litt meir klede og kanskje få myte sola litt meir :) 

Heilt fantastisk at sola ikkje tok seg ferie då eg kom heim :)

tirsdag 26. april 2011

Pakke og reisedag

Jaja då var kvelden komen, og mannen var reist. Han skal heim til Skåne etter 9 intensive jobbeveker! Og eg skal heldigvis kome etter om ei stund :)

Sidan vi bare leier leilighet her, og har hus i Skåne har det blitt mykje som skal sorterast og sendast der til etterkvart. Vi er jo rimelig nygifte :) Og sidan begge to har vore godt utstyrt allereie, skal vi sette i saman og brige våre to "bo" i saman. Så då blir det å ta noko hit frå min barndomsheim for så evt ha her i leiligheten og kva som skal til Skåne.
Så vi gjer litt etterkvart :) Eg tykkjer det er godt, for då kjem ting litt på plass etterkvart :)

Her i Stavangerområdet har jo våren komen med eit PANG i helga, så det meste er blitt grønt av tre og plenar. Men eg har dessverre ikje fått teke nokon bilete pga opphaldet i sjukehussenga.. Men skal kome sterkare tilbake!

Ha ein flott kveld i sola!

mandag 25. april 2011

Sjukehuspåske

Jaja, då va visst påska over straks.. Og eg har ikkje fått grilla ei lita pølse ei gong!Ja eg har ete ei pølse, men den var kjøpt på Narvesen..

I innlegge på onsdag (her) skreiv eg jo at eg ikkje kom mg heim. Men det stoppa så vsst ikkje der.. temperaturen gjekk ikkje ned, og magesmerter som va kjempevonde var det som kom. Så torsdagskveld ente på legevakt og innlegging på SUS(Stavanger universitetssjukehus).  Det var ikkje tvil om at det var det einaste alternativet. For med 39.6 grader temp. og CRP på 200, hadde eg vel ikkje så myekje å sei imot. 

Men ein ting er HEILT sikkert, og det er at EG PASSAR IKKJE SOM PASIENT!!
Som sjukepleiar er eg alt for utolmodig og klarer ikkje å roe meg med å gå å vente på at noko skal skje. Og då og med veneflon-angst så det holder, og veldig små årer, er det ein veldig dårlig kombinasjon. Så når eg nå er komen heim, er det heilt fantastixk :) 


For dei som lurar hadde eg nyrebekkenbetennelse. Og det unner eg ingen!! Har aldri hatt så vondt nokon gong! 

Håpar alle der ute har hatt ei flott påske i det nydelige veret som vore og kost dykk med familie og vener!!
 .

torsdag 21. april 2011

Kosedag

Mannen min fyller året i dag!! Då han faktisk jobber kveldsvakt i dag (vi jobber begge i helsevesenet), hadde vi ein koselig frokost ilag, og har bare kosa oss.
Eg er framleis sjuk med feber, så eg har vel ikkje vore det mest aktive fødselsdagsselskapet, men koselig har det vore.
Vi har og under formiddagen fått tak i nye madrasser til vår nye seng i Röke. Min mann er skåning, og planen etterkvart er at vi flyttar permanent til Sverige. Vi har hus der som vi pusser opp. Vi har ei GEDIGEN vattenseng der, som eg ikkje klarer å sove skikkeleg i pga revmatismen. Og den drar gankse mykje størm, så vi har bestemt oss for å bytte den ut. Vi har derfor raida Blocket dei siste dagane for å se om vi kunne finne noko brukbart og midlertidig, og som går an å evt bruke i andre senger seinare. Og det har vi klart i dag! Jippi!

Prøver elles i dag å smårydde litt mellom svettetoktene. Har funne ut at temperaturen min køyrer berg - og dalbane med meg :)

Mannen fekk Anton Bergh marsipanegg av mg i dag, og han var så fornøgd! Han tok dei med seg då han skulle på jobb :) Så eg tvilar litt på at det er så mykje igjen av dei om eit par timar :)

Biltete er tatt på Varhaug gamle kyrkegard, sommaren 2009.


Ha ein flott Skjærtorsdag!

Skjærtorsdag

Matt. 26, 14- 30
14. Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskriot, til øvsteprestane.
15.Og han sa: Kva vil de gje meg for at eg skal gje han over til dykk? Dei vog då tretti sølvpengar til han.
16. Frå den stunda leita han etter eit høve til å svika Jesus.
17. På den fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og sa til han: Kvar vil du at vi skal gjera i stand for deg til å eta påskelammet?
18. Han sa: Gå inn i byen til ein mann der og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær. Hjå deg vil eg halde påskemåltid saman med læresveinane min.
19. Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet.
20. Då det hadde vorte kveld, sette han seg til bords med dei tolv.
21. Medan dei åt, sa han: Sanneleg seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.
22. Dei vart svært sorgfulle, og ein etter ein tok dei til å spørje han: Det er vel ikje eg, Herre?
23. Men han svara og sa: Den som duppa handa i fatet saman med meg, han skal svika meg.
24. Menneskesonen går bort, som det er skrive om han. Men ve det menneske som svik Menneskesonen. Det hadde vore godt for det mennesket om han aldri hadde vore fødd.
25. Men Judas, han som sveik han, tok til orde og sa: Det er vel ikkje eg, rabbi? Han seier til han: Du sa det.
26. Medan dei no held måltid, tok Jesus eit brød, signa det og braut det, gav læresveinane og sa: Tak, et! Dette er min lekam.
27. Og han tok ein kalk, takka, av dei og sa: Drikk av han alle.
28. For dette er mitt blod, paktblodet i den nye pakta, som vert utrent for mange til forlating for syndene.
29. Men eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.
30. Og då dei  hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

onsdag 20. april 2011

Påskferien...

Jaja, så satt ho her då. Planen var å ut å handle litt, har ein mann som fyller år i morgon, og så ta turen heim til sine foreldre. Ein flott tur frå Stavanger til Bykle, øvst i Setesdal. Men når jenta vaknar og kjenner at ho er FRYKTLIG varm, går ho og finn temperaturmålet.. Og joda ikkje frisk i det heile teke! 39 grader celsius, og kroppsverk. Då skal ho absolutt ikkje køyre 5 timar med mykje trafikk og UP på vegen.
Så då satt ho her i sofaen då, og kjenner at Paraceten ikkje heilt har funka så veldig godt..
Treng å ut å handle litt seinare, for treng ein del ting, sidan det ikkje er meir mat og drikke i hus enn til den kjære ektemannen som skal jobbe i påska..
Kjenner bare at ho treng litt meir tid på å komme seg ut..

Ha ein flott onsdag i finveret og vårtempereaturen!!

mandag 18. april 2011

Nydelig!

Er bare ein rask tur innom i finveret! Her i byen er det sol frå klar himmel og skikkelig herlig temperatur. Har for fyrste gong i år hengt ut klede til tørk! HERLIG!!
Elles har eg fått hjelp at min flotte ektemann til å lage ei midletridig løysing til fjernsynet mens tv-skjenken blir måla :)
VI er nemlig Farmen-fan og må ha den med oss. Så derfor må fjernsynet vere tilkopla. Mannen jobber kveldsvakt i dag, og då blir episoden teke opp :)
Har lagt på første lag med maling på skjenken, så nå skal den få tørke mens jenta skal ut og rydde litt og gjer ein del andre ting ut :)
Skal verkelig NYTE det!

Ha ein flott måndag i sola!

søndag 17. april 2011

Palmesøndag

I dag ferier vi Palmesøndag. Starten på påska. for mange bare ein flott ekstra ferie, med raude dagar og ekstra god lønn.
Men veit dei kva den eigentleg symboliserar? Har vi gløymt det oppi alt det gule og påakegodteriet?

Har vi gølymt at det er ei viktig kristen høgtid? At det er den som symboliserar at vi som kristne er klar for Himmelen! At Jesus tok våre synder på seg på korset, for at vi skulle få evig liv!

Vi er syndfri! Kan det bli betre?!

Har derfor vald å skrive teksetn fra Matteusevangeliet om dagen i dag:
Matt. 21, v 1- 9:
1. Då dei nerma seg jerusalem og kom il Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar av stad og sa til dei:
2. Gå inn i landsbyen rett framfor dykk. Der finn de straks ei eselhoppe som står bunden, og ein fole saman med henne. Løys dei og lei dei hit til meg.
3. Dersom einkvan seier noko til dykk, skal de svara: Herre har bruk for ei! Då skal han straks senda dei.
4. Men dette hende så det skulle verta oppfylt, det som var sagt ved profeten:
5. Sei til Sions dotter: Sjå kongen din kjem til deg. Audmjuk rir han på eit esel - på folen åt eit trældyr.
6. Læresveinane gjekk då av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.
7. Dei henta eselet og folen, og la kappene sine på dei, og han sette seg oppå.
8. Mange i den store folkemengd breidde kappene sine ut på vegen, andre hogg greiner av trea og strøydde på vegen.
9. Folkehopen som gjekk føre, og deisom fylde etter ropa og sa: Hosianna, Davids son! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!


Ha ei velsigna god høgtid!!

lørdag 16. april 2011

Give away!

Her igjen meldt meg på ein give away! Denne bloggen var eg med på sist og. Den er bare så inspirerande å lese!

Gå gjerne inn der og les!

fredag 15. april 2011

Endeleg fredag!!

Beklager eg ikkje har gjeve lyd frå meg! Men har hatt litt for mykje å gjere.. Av alt muleg forskjellig..

Som de ser er putene ferdige!(eller det manglar nokre trykknappar her og der)
Har jobba intenst med dei for å få dei ferdige før påske. Godt å ha dei gjort! Og er ganske fornøgd eigentleg :) Sofaen vart heilt annleis, med deilige lyse og livete! Elsker mine små blå puter!

Har og teke i bruk glaset mitt, det eg fekk tak i på loppemarked sist helg! Har "stjåle" telysidéen frå ei god veninne. Har fått lov :) Har då pynta det litt med ein blodnekant og eit band. Eg syns det blei fint! Godt med alt som ikkje tek opp plass i skuffer og skap :)


Har pynta til påske og rydda før helga i dag! Har kjøpt inn gule tulipaner og lilla fresia. Tenker at påskeliljene kan komme litt seinare ut i neste veke.. I påske-egget ligg det for tia smågodt. Påskegodiset vil min mann ha regi over, så han har sagt han vil stille med det :)

Har litt meir småting eg skal gjere for å få skikkelig påskestemning. (Bilete kjem seinare)

Denne lille godtekrukka har eg teke i bruk til fleire tulipanar. Den står i trappa vår og tar imot gjestene vår. Krukka høyrer til eit polsk servise eg kjøpte for maaange år sidan. Det har MYKJE prikkar! Men eg syns det har sjarm :) (beklager der litt uklare bilde)




Til slutt må eg bare vise den påskepynten eg har mest minner og koselige øyeblikk med! Fekk denne av tanta til mamma då eg var liten. Den åpnast på midten, og på påskemorgon stod den klar proppfull med godteri! Storebror min har ein Donald som fungerer på samme måte.. Dei andre brødrene mine (3 i tallet) har kvar sin hare med hatt og sløyfe på :)
Eg kjenner at eg heller vil ha denne med godteri enn påskeegget... Det kan heller bare ligge på bordet og by på alt det gode :)

Ha ein flott kveld vidare!

onsdag 13. april 2011

Pusleonsdag

Det nærmar seg påske, og då har eg tenkt at eg skulle ha fått ned nokon av prosjekta mine. Er litt for mykje som ligg halvferdig rundt om kring..
Og sidan leiligheten ikkje er så stor, ser ikkje stova så veldig ryddig ut for tida :)
Så sjølv om sola skin ute, veit eg ikkje om eg får nyte den så mykje i dag.. Får sjå kor lenge ho blir her i dag :)

Har allereie starta med rydding... så får vel fortsette med det :)


Ha ein fantastisk onsdag!!

mandag 11. april 2011

Før og etter!

Enkelte har nok venta på etterbilete av både innlegga forandring fryder og Bestemors laken.
Her kjem det eg har fått gjort! (Ting tek litt tid pga lite energi)

Dette var det gamle putetrekket. Det er misfarga og holete.. :)
Etter:



Dette er putene som skal få nye trekk av bestemorlaken :) (Har tre slike puter)
Har hatt desse putene sidan videregåande, så er litt lei dei. Og dei passar ikkje lenger så bra hjå oss.


Slik ser første pute ut:

 Syns dei tek seg veldig godt ut i sofaen vår :)



Fleire bilete kjem etterkvart!


Dagen min i sola!

Har sitte ute i sola i dag og sydd ferdig putene i dette stoffet, lest og bare nyte SOLA!!

Vårmåndag :)

Bilete er teke i går, og viser at her står trea verekeleg klare til å gje oss skikkelig vår og grønt :)

Sola skin og temperaturen viser 13 varme!! Her skal det gjerast huslege syslar i dag. Men eg har ein mann som ligg å søv etter nattevakt, så blir gjort bare stille syslar i første omgong :)

Dei seier det skal begynne å regne seinare i dag.. Men det vil eg ikkje tru i dag :D

Ha ein FLOTT måndag!

søndag 10. april 2011

To vår dager

Sjå kva vårveret har klart! Påskeliljene mine blømer! Og dei har masse knoppar! Blir knallbra fram mot påska! Håpar bare at ikkje veret blir for surt og kaldt framover...

Har vore på min vesle tur og skal nå sette trykknappar i putene mine :)

Kosesøndag

Finveret er her framleis, og eg har tenkt å bruke det! Skal ut å gå tur om litt, og hente inn litt meir kvistar til påskedekorering.. Får sjå kva eg klarar å få til :)
Sidan min mann skal på nattevakt i kveld, må eg finne på ting som ikkje bråkar så mykje. Så då vert det sauming av putene eg har starta på.. Dei har blitt liggande pga mangel på energi.
Om eg blir ferdig med dei, vert det laging vidare av påskeegg :)



Ha ein flott søndag! Her skal den nytast i finveret!

lørdag 9. april 2011

Nydelig vær og loppemarked :)

Jippi! Sol og sommer.. Eller i alle fall vårstemning :) Har tilbrukt heile dagen ute med mi beste veninne og hennes flotte son! Og etter det ho og mora :) HÆRLIG!

Dagens plan var LOPPEMARKED :) Det verkar som dei fleste skulane i Stavanger, som kvar vår har  loppemarked, har vald same helga :) Og det gjer meg ingen ting :) For meg blei det to plassar som fekk besøk. Første plass var det lite å sjå, så då gjekk vi ganske fort. Men neste plass er kjent for å ha mykje fint, og det pleier som regel å vere kø der. Og det også i dag! Det opna kl 12, og då klokka var halv tolv var det allereie kø! Det gode veret satte i alle fall ingen stopper for oppmøtet!
Og lopper vart det! Så fornøgd!

God avkastning for pengene, og planer for loppene :) 
Og ikkje minst har eg fått tak i noko eg har ønska meg ei stund! Det andre eg har loppa i dag, har eg tankar om bruken av, så ingen handel utan plan :)

Her skal de få sjå dei, for meg, fantastiske tinga eg har funne i dag:



 Dette flotte, men litt slitte og velbrukte, syskrinet blei med meg heim! Og det kom med innhald :)
Planen er at det skal målast om og verkeleg bli teke i bruk! :)
Dette nostalgiske og flotte fatet skal så brukast framover :) Kjenner minnene frå barndomen hjå besteforeldra mine kjem snikande :)
Som dei næraste undt meg veit, er eg veldig BLÅ. Det er verkeleg den finaste fargen eg veit, somregel uansett nyanse :) Så det er mykje av det hjå oss :) Dette fatet skal nok verkeleg komme til sin rett etterkvart, med både blomar og andre ting i :)

Dette flotte glaset, som ikkje er Norgesglass, skal få lit pynt på seg, og skal så få verke som oppbevaring til telys :)

Dagen har vore kjempekjekk :) Kjem til å leve ei stund på den :)


Ha ein fortsatt flott laurdagskveld :)

fredag 8. april 2011

Muffins



Skulle blåse ut egg til å lage påskeegg av. Dette blei resultatet :)
Dei er godtkjente av min min kjære og ein liten gutt på seks år :)

Oppskrifta til desse muffinsane er:
200 g smør
350 g sukker
6 egg
450 g kveitemjøl
4 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
3 dl appelsinjus, eller anna jus. (mjølk kan og nyttast)

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett eitt og eitt egg, rør godt i saman mellom kvart egg. Sikt saman mjøl i lag med vaniljesukker og bakepulver. Bland det forsiktig inn i røra med ein slikkepott.
Rør så inn væska.

Steikast på 175 grader celsius, i ca 20 min,
Bruk american size former, eller små då får du fleire..

Lykke til!

Denne oppskrifta kan ein lett tilsette den smaken ei vil :)

torsdag 7. april 2011

Jaja, så satt eg her da.. Med venstre bein oppe og hofta i ein nogen lunde grei vinkel..

Hadde planer for dagen, men feil vinkel, satte stopper for det..
Men men, får tenke på det eg fekk gjort før det klikka..

Pga Sjøgrensen har eg stadig problem med venstre bein. Får hofta og ned til tærne.. Alt fra vondt i kneet, til hudsmerter. Det høyres litt rart ut kanskje, men då kjennes det ut som eg er skikkelig solbrent ned heile baksida av beinet.. Og så var det hofta då.. Den kan verkeleg gjere seg ugrei av og til.. Og i dag var visst den dagen..
Var vond då eg stod opp, men tenkte at det går kanskje litt over med at eg rører på meg. Så då byrja eg på helgevasken.. Det tok ikkje lange tida, så stod eg der i ein litt forkjær vinkel.. Sjeldan eg skrik av smerte, men det blei det i dag. Min stakkars mann såg veldig forundra på meg, og fortsette å jobbe.. Han såg det gjekk ok med meg :)

Så då sit eg her då.. Å tenker på alt eg hadde tenkt å gjere av småting i dag. Så eg får vel sjå kva eg kan få til utover dagen :)

Snart helg folkens! Og då ska eg på loppemarked!



Ha ein fortreffeleg torsdag! 

onsdag 6. april 2011

Vårlig i lufta!

Etter eit par dagar med fin sol, kom regnet. Men tempereaturen forsvann ikkje.. Heile 13 grader ute i dag! Deilig å høyre fuglekvitteret, og sjå at Vipa er komen.. Vårlukta frå bøndene er og eit trygt vårteikn..

Og ikkje minst har krokusen eg planta komen opp!

tirsdag 5. april 2011

Så kom regnet..

Mitt navn er:


Polymyalgia rhevmatica/ Leddgikt / Fibromyalgi / andre usynlige muskelsykdommer.


Jeg er en Kronisk sykdom og jeg er nå din følgesvenn for resten av livet.
Andre rundt deg kan ikke se eller høre meg,
men DIN kropp kan kjenne meg.


Jeg kan angripe deg hvor, når og hvordan jeg vil.
Jeg kan gi deg voldsom smerte eller, om jeg er i godt humør,
gi deg verk over alt.


Jeg minnes når du og Energi sprang omkring
sammen og hadde det kult.
Jeg tok Energien fra deg og ga deg tretthet og smerte isteden.
Forsøk å ha det kult nå!


Jeg tok også den Gode Søvnen fra deg og ga deg Ledd-tåke i stedet.
Jeg kan få deg til å skjelve i kroppen,
eller få deg til å fryse eller svette mens alle andre kjenner behag.
Ja visst ja, jeg kan få deg til å kjenne angst eller depresjon også.


Om du har planlagt noe eller ser fram til en spennende dag,
så kan jeg ta det også fra deg .




Du ba ikke om å få meg, jeg valgte deg av ulike grunner,
for eksempel det "viruset" du aldri ble kvitt,
eller kanskje det var årene med ydmykelse og traume'?


Uansett grunn, så er jeg kommet for å bli hos nettopp DEG..


Jeg hører at du tenker på å gå til en lege som kan ta livet av meg.
Jeg ler så jeg hikster. Forsøk du bare.
Du kommer til å bli nødt til å gå til mange,
mange leger før du finner noen som kan hjelpe deg på en effektiv måte.


Du kommer antagelig til å bli satt på smerte stillende, sovepiller, energipiller,
få beskjed om at du lider av angst eller depresjon,
anbefalt å prøve TNS, bli massert, få beskjed om at
om du sover og trener regelmessig kommer jeg til å forsvinne,
få beskjed om å tenke positivt, bli ydmyket,
bli bedt om å ta deg i sammen, og VERST AV ALT,
aldri bli tatt på alvor om hvordan du kjenner deg,
når du klager til legen om hvor utmattende livet er hver dag.




Din familie, dine venner og dine arbeidskamerater
kommer alle til å høre på deg helt til de blir leie av å høre om
hvordan jeg får deg til å føle deg, om hvilken utmattende sykdom jeg er.


En del av dem kommer til å si ting som "Åh, du har bare en dårlig dag!"
eller
"Jaja, tenk på at du ikke kan gjøre ting du kunne for 20 ÅR siden."
uten å høre at du faktisk sa 20 DAGER siden,
en del kommer til å prate bak ryggen på deg,
mens du sakte kjenner att du holder på å miste din verdighet
i dine forsøk på å få dem til å forstå,
spesielt når du er midt i en diskusjon med ett "normalt" menneske og har glemt
hva det var du skulle si..
(jeg skulle ønske jeg kunne holde denne delen hemmelig,
men jeg antar at du alt har funnet det ut)


Den eneste plass du kan få forståelse fra, angående meg,
er fra ANDRE MED usynlige muskelsykdommer.


Ærbødig hilsen fra Din "Usynlige" følgesvenn og Kroniske Sykdom gjennom resten av livet.


Stolt klem fra
Polymyalgia rhevmatica/ Leddgikt/Fibromyalgi/og andre usynlige muskelsykdommer. "


(Eg har Sjøgrens Syndrom)


Har lånt denne teksten fra Mammas hus som igjen har lånt den frå ein annan blogg..


Denne teksten seier veldig mykje om korleis dagane mine kan vere. Det kan vere vanskeleg for menneska rundt deg å forstå, fordi sjukdomen ikkje er så veldig synleg..

Håpar de har ein fortreffeleg tysdag!

søndag 3. april 2011

Forandring fryder!

Dette lekre stoffet skal bli putetrekk!
Har fått ta akkurat dei stoffa eg ville i mamma sin koffert, og har funne dette lekre stoffet som skal bli putetrekk. Dette i saman med dei kvite putetrekk av bestemorlaken, trur eg det blir lekkert i sofaen :)

Mitt Landliv: GIVEAWAY

Mitt Landliv: GIVEAWAY


Har meldt meg på denne! Syns ho hadde så fine premier! Prøver lykken igjen!

lørdag 2. april 2011

Husmorlaurdag

Jeje då står rundstykkedeigen til heving, og målebandet ligg klart :)

I dag er det både regn og vind ute, så har tenkt å bruke dagen til husmorsysler. Satt til langt på kveld i går å rakk opp sømmane på bestemorlakena mine. Så i dag ska det målast og saumast!

Bilete kjem seinare :)

Ha ein fortreffeleg aprillaurdag!

fredag 1. april 2011

Helg igjen!

Denne veka har gått utruleg raskt! Plutseleg var det fredag igjen!

Har gjort ting denne veka som eg aldri har gjort før.. Har starta å trene Zumba :) Utruleg kjekt!! Kjenner verkeleg at sjukdomen min har sett spor. Så enormt stiv! Får håpe det det løsnar litt etterkvart :)
Men du og du så sliten eg var etter første økta på 55 min..

Eg går i lag med besteveninna min, og begge to var heilt utslitt! På neste økt var det høgare tempo enn fyrste gong. Men då timen var slutt tenkte vi: Kva? Er timen slutt allereie? Hihi, tenke seg til etter andre gong :) Blir bra neste veke!

Og ja, eg har starta på prosjekt "bestemor-puter"! Myyykje å rekke opp! ;)

(Rosa mi ser ut som den har overlevd vinteren, spent på om den kjem igjen i sommar)
Her er våren kome eit lite stykke :) Eg har sett Vipa for eit par dagar sidan, og godlukta har kome!
Skikkelig vår!


                                                                  Ha ei fortreffelg helg!