mandag 9. mai 2011

Loppishelg!!

Fy så fort tida går! Ny veke og snart tid for å reise tilbake til Stavanger.. Veit ikkje heilt om eg likar det.. Men er vel nødvendig med litt jobbing.

På lørdag kom varmen!! Og med den kom fargen! Litt rød, men ikkje så veldig. Går over :) Blir brun etterkvart :)

I helga har det vore fleire loppemarknader i området, og vi var der! Kjenner eg er blitt ein verkeleg loppisentusiast!

På lørdag var vi på loppemarknad ein plass som heiter Hjelsjövik. Denne var det misjonsselskapet her i området som hadde. Mykje fint! Dei hade og fått lopper frå eit dødsbo. Dette var det auksjon på, og det var stor oppsluttning! Mykje gamalt, noko fint og noko mindre heilt og fint.

Var sjølvsagt med på auksjonen :o) Kunne jo ikkje noko anna! Hadde ikkje teke med meg så mykje penger, og hadde bestemt meg for å ikkje bruke så mykje heller (pengane går fryktelig fort om ein ikkje passar på). Min kjære mann var og med, og sidan vi holder på å pusse opp her i huset, er vi alltid på utkikk etter ting vi kan bruke her. Eg er og ute etter ting og møbler som eg kan tenke meg å bruke seinare :)

På auksjonen var det fleire ting eg hadde sett meg ut, at om ikkje det blei for dyrt så skulle eg by. Noko av det var blant anna nokre sinkbaljer, nokon gamle kasser med fabrikksmerke på, nokre fine gamle kakeboksar og litt anna.. Ingen ting av dette blei med meg heim :o) Når kakeboksane går for 700 SEK er det ikkje verd det! Sinkbaljene gjekk for mellom 4- og 500 SEK, og det var eg ikkje beredd for å gi! Kassene med trykk, som og hadde litt innhold av ting, gjekk og for eit par hundre.. Utanfor budsjettet mitt :o)

Nå trur du kanskje at eg kom heilt tomhendt heim, men den gong ei :) Jenta fek nemlig med seg eit par store skatter, og nokre små :o) Du skjønar det, at det sto ein utrekkssofa der.. God og sitte i var den og.. ;o) Og då auksjonarius ikkje fekk det han ville for den, og gjekk ned på pris, slo eg impulsivt til! 50 kronor?!! Jepp! Min!! 
Så var det å ringe til min bedre halvdel, som hadde gått for å handle noko deler i byen.. Duuu, hugsar du den sofaen vi satt i?? Den var visst blitt min :) Kva gjer eg nå?

Eg hadde liksom ikkje heilt tenkt på at den skulle fraktast heim då eg slo til :) Hehe.. Men min kjære steson ordna opp, så den kom med heim. 

Min kjære hadde også slått til på noko, nemlig ein gamal ovn! Av merke Viking 60. Den veg eit tonn!! Den skal innstalerast i kjellaren, så får me sjå om det kan gjeve litt varme i heile huset :)

Elles kom eg heim med to (!) ulike gamle vaskebrett, nokre gamle handgjorde handkle og serviettar i damask og eit par fat i nysølv.  Så fornøgd!!


Vil du sjå sofaen??! Her er den :)




Nå er det ut igjen i finveret og gjer ferdig vår berømmelege blomsterbed!

Ha ein flott mandag!

Ingen kommentarer: