lørdag 14. mai 2011

Mitt berømmelege blomebed!

Dei siste vekene har mitt berømmelege blomebed vore omtalt fleire gonger! Og nå kjem bileta! De ska får sjå både før og etter. Det har nemleg vore ein stor jobb!

Som eg nok har nemn før, har vi funne fram att bedet som har fått lov å bli overvekst av gras.. Det stod nokre peoner i den eine enden, som min kjære hadde der, og som hadde fått leve sitt eige liv. Elles har eg gått amokk med hekkesaks på flire av buskane som stod der, og ein er totalt vekke. Har fått hjelp til å fjerne den, av min kjære steson og mi gode veninne. Mi bedre halvdel har og stått på hovudet i bedet saman med meg. Og eg syns absolutt at resultatet har blitt veldig bra! Nå håpar eg bare at jorda får nok vatn (dei har meldt regn i Skåne og framover)!

Så her skal de altså få sjå!

 Slik såg det ut då eg begynnte...

 Her har eg gravd fram natursteinane som låg langs kanten på bedet. Det var heilt overgrodde...
Busken på midet her, den forsvinner litt seinare..
Her er bedet ferdig planta! Noko er allereie grønt, og noko er planta som knollar, som skal kome opp litt seinare.. Blir spenande å sjå korleis det blir!
I enden står peonane! Dei har fått heile den eine enden av bedet, så dei skal få vise seg frå si beste side!
Reste er fordelt ut etter farge og estetikk! :)


Gler med veldig til å sjå resultatet!!

Ingen kommentarer: