lørdag 30. juli 2011

Flotte skip og mykje folk!

I dag er det dette som har vore lørdagskosen!
Kost oss i byen å eit veldig familievennleg opplegg!
Tall ships Races er lagt opp rundt familie, men fleire plassar å ete, aktivitetar for barna i ulik alder, og fleire opne skip.


Dette, var synet som vi kom til på Torget i byn :)

Statsraad Lehmkuhl ligg innerst i Vågen, som vinnande etappeskip. Det er det største seilskipet i Norge. Dette, sammen med Fullriggeren Sørlandet og Christian Radich, er dei tre seilskipa som er mest kjent av dei norske skipa som er med.
Her var det lange køar for å komme ombord :)





Bort mot Oljemuseet stod Tanager kystskipselskap, med Stinefiske for barna. Ein del av det som er fanga ligg i balja :)

Redningsselskapet hadde med seg to små redningsbåter som barna fekk sitte på med :) Dette var også veldig populært :)

I morgon reiser skipa videre til Halmstad i Sverige. Så ta gjerne turen ut til Tungenes eller Vardeneset for å ønske dei god tur vidare!!
Avreise frå Stavanger er frå 12-14!


Som ei lita avslutning må eg vise dette flotte skipet som låg inne! Skikkelig sjørøverskip!

Dette er og et innlegg om hva en kan gjøre for barnefamilier i Sandnes i sommer.

Ingen kommentarer: