Viser innlegg med etiketten båt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten båt. Vis alle innlegg

tirsdag 22. mai 2012

Endelig kom sommeren!

Og selvfølgelig nytes den til fulle!!
Lette klede og masse dirkke innabords,
 er veldig nødvendig for the pregnant lady! c,")

Ute blei det planta litt meir (bilete kjem når alt er klart), og planer er utforma for trappa vår.
Inne står det endelig ein stor bukett med nydelige peoner! c,")

Sidan eg ikkje får nyte dei i bedet vårt i Sverige, så måtte eg ha ein bukett!
Det er ein av dei flottaste blomane eg veit, og mannen er og veldig glad i dei. 
Så nå står dei her og viser seg frå si beste side!



Nyt resten av den flotte kvelden! 
Her har eg lagt føtene opp i høgda, og venter på at mann og min bror kjem heim frå båt/fisketur c,")
(hadde vi hatt riktig str. i flytevest, hadde eg villig ha joina dei)


The summer is here! 
Outside the sun is shining, and inside the peons is competing with it! c,")


Enjoy the rest of the evening! 

fredag 30. september 2011

Det ligger ein båt i havna..




Har leika meg litt med kameraet i dag..
Det siste bilete blir nok forstørra og hengt på ein vegg.

Har fundert mens eg knipsa i veg:
 Kven er du sin? Kor mange "eventyr" har du vore med på? Kvifor ligg du her? 
Har du hatt mange fisk med deg til land? Har eigaren din glømt deg, eller bare blitt lei?
Betaler nokon for at du ligg her?
Eg fekk ingen svar, ikkje denne gongen...
   
Fantastisk å kunne nyte det nydelige vèret vi har for tida! 

Ha ei flott helg, både dei som har haustferie og ikkje c,")


There is a boat in the harbor. Love the patina on it.

The last picture maybe become enlarged, and hung up on a wall.

It is fantastic to be abel to enjoy this lovely weather! 

Have a great weekend! 

  

lørdag 30. juli 2011

Flotte skip og mykje folk!

I dag er det dette som har vore lørdagskosen!
Kost oss i byen å eit veldig familievennleg opplegg!
Tall ships Races er lagt opp rundt familie, men fleire plassar å ete, aktivitetar for barna i ulik alder, og fleire opne skip.


Dette, var synet som vi kom til på Torget i byn :)

Statsraad Lehmkuhl ligg innerst i Vågen, som vinnande etappeskip. Det er det største seilskipet i Norge. Dette, sammen med Fullriggeren Sørlandet og Christian Radich, er dei tre seilskipa som er mest kjent av dei norske skipa som er med.
Her var det lange køar for å komme ombord :)





Bort mot Oljemuseet stod Tanager kystskipselskap, med Stinefiske for barna. Ein del av det som er fanga ligg i balja :)

Redningsselskapet hadde med seg to små redningsbåter som barna fekk sitte på med :) Dette var også veldig populært :)

I morgon reiser skipa videre til Halmstad i Sverige. Så ta gjerne turen ut til Tungenes eller Vardeneset for å ønske dei god tur vidare!!
Avreise frå Stavanger er frå 12-14!


Som ei lita avslutning må eg vise dette flotte skipet som låg inne! Skikkelig sjørøverskip!

Dette er og et innlegg om hva en kan gjøre for barnefamilier i Sandnes i sommer.

fredag 8. juli 2011

Makrell og dramatikk

Gårsdagen blei litt meir spennande en eg hadde tenkt..
Mannen hadde fri, og planen var at vi skulle ta oss ein tur ut på sjøen i båt. Sjå om vi kunne få noko fisk. Dagen var flott med sol og god temperatur, men det var ein del vind..

Som fjellgeit, er ikkje magen min veldig venn med sjøen, så eg klarer ikkje for mykje bølger før eg blir ganske dårlig..Men var ganske overraska over kor greitt det gjekk i starten. Var jo ein del bølger, og sjøen koste seg med å gjere meg våt :) 

Planen var å ganske langt ut for å så finne oss ei øy vi kunne vere på, ete og kose oss. Men dei øyene vi hadde peila ut, var ikkje lov å gå ut på pga hekking..
Gjorde ingenting, vi blei bare i båten og fekk oss eit flott syn av måker og Skarv som satt på rekke og rad, eller tok på vingene når vi kom litt for nær.

Vi starta opp å fiske, og fekk 10(!) makrell på bare nokre få kast! Mine første sjøfisk nokon sinne! :) 

Det er ein del strøm, så vi driv godt med vinden og strømmen. 

Motoren vår er ein gammal motor som vi har eigen bensintank til. Den fann ut etter nokre timar på sjøen at den ville ikkje meir.. Så då var det å prøve å få igong reservemotoren, som er elektrisk. Tingen var at vi då hadde drive litt til,og kome alt for nære ein holme!! Og det endte med at vi blei slengt mot den! Hovudmotoren gekk nesten på sjøen, og eg var livredd vi ikkje skulle komme oss vekk!! Utrulig sug frå bølgene!! 

Våte og skrekkslagne klara vi å få motoren ombod, og med hjelp av årer kom vi oss vekk.. Båten har nok fått seg nokre merker, men det var ingen hål..

Den lille elektriske motoren strevde på i, nå, dei mykje høgare bølgene og vinden, mot land..
Fy så kaldt det var!!

Etter ei stund legg eg merke til at det kjem ut eit cruise-skip frå Stavanger.. Som regel tek dei retning nordover, men nei da.. Dette skulle sørover! Og fort kom det! Hjelp! Så det var jo bare å prøve å komme oss vekk. Skipet hadde jo sett oss, så det styrte fint unna -heldigvis! Bølgene var det noko anna med.
Sliten, våt og framleis litt i sjokk, var eg nå ganske så kvalm..

Etterkvart blir vi enige om å finne oss ein anna stad enn havna vi held til i, å gå inn, for det var ikkje nok batteri igjen. 

Heldigvis fann vi ei vik vi kunne ta inn, og fekk lov å la båten ligge der til i dag.
Vi er like heile, bare litt forslått. 

Fargen kan ei vel ikkje klage på.. Ganske solbrent i ansiktet, for min del, og min bedre halvdel på armane.

Men, men vi er i live, og båten er forhåpentlig ikkje for mykje skada..

I starten av turen angra eg på at eg ikkje hadde kameraet med, men då vi kom heim og alt var vått, var eg glad eg ikkje hadde det med..

Så dessverre(?) er det ikkje nokre bilete frå turen. Bare eit litt ekkelt minne..

Finveret forsvann, og det same gjorde nesten heile vinden. 

Håper de får ein flott fredag, og for alle de som har ferie: NYT DEN!!!