fredag 8. juli 2011

Makrell og dramatikk

Gårsdagen blei litt meir spennande en eg hadde tenkt..
Mannen hadde fri, og planen var at vi skulle ta oss ein tur ut på sjøen i båt. Sjå om vi kunne få noko fisk. Dagen var flott med sol og god temperatur, men det var ein del vind..

Som fjellgeit, er ikkje magen min veldig venn med sjøen, så eg klarer ikkje for mykje bølger før eg blir ganske dårlig..Men var ganske overraska over kor greitt det gjekk i starten. Var jo ein del bølger, og sjøen koste seg med å gjere meg våt :) 

Planen var å ganske langt ut for å så finne oss ei øy vi kunne vere på, ete og kose oss. Men dei øyene vi hadde peila ut, var ikkje lov å gå ut på pga hekking..
Gjorde ingenting, vi blei bare i båten og fekk oss eit flott syn av måker og Skarv som satt på rekke og rad, eller tok på vingene når vi kom litt for nær.

Vi starta opp å fiske, og fekk 10(!) makrell på bare nokre få kast! Mine første sjøfisk nokon sinne! :) 

Det er ein del strøm, så vi driv godt med vinden og strømmen. 

Motoren vår er ein gammal motor som vi har eigen bensintank til. Den fann ut etter nokre timar på sjøen at den ville ikkje meir.. Så då var det å prøve å få igong reservemotoren, som er elektrisk. Tingen var at vi då hadde drive litt til,og kome alt for nære ein holme!! Og det endte med at vi blei slengt mot den! Hovudmotoren gekk nesten på sjøen, og eg var livredd vi ikkje skulle komme oss vekk!! Utrulig sug frå bølgene!! 

Våte og skrekkslagne klara vi å få motoren ombod, og med hjelp av årer kom vi oss vekk.. Båten har nok fått seg nokre merker, men det var ingen hål..

Den lille elektriske motoren strevde på i, nå, dei mykje høgare bølgene og vinden, mot land..
Fy så kaldt det var!!

Etter ei stund legg eg merke til at det kjem ut eit cruise-skip frå Stavanger.. Som regel tek dei retning nordover, men nei da.. Dette skulle sørover! Og fort kom det! Hjelp! Så det var jo bare å prøve å komme oss vekk. Skipet hadde jo sett oss, så det styrte fint unna -heldigvis! Bølgene var det noko anna med.
Sliten, våt og framleis litt i sjokk, var eg nå ganske så kvalm..

Etterkvart blir vi enige om å finne oss ein anna stad enn havna vi held til i, å gå inn, for det var ikkje nok batteri igjen. 

Heldigvis fann vi ei vik vi kunne ta inn, og fekk lov å la båten ligge der til i dag.
Vi er like heile, bare litt forslått. 

Fargen kan ei vel ikkje klage på.. Ganske solbrent i ansiktet, for min del, og min bedre halvdel på armane.

Men, men vi er i live, og båten er forhåpentlig ikkje for mykje skada..

I starten av turen angra eg på at eg ikkje hadde kameraet med, men då vi kom heim og alt var vått, var eg glad eg ikkje hadde det med..

Så dessverre(?) er det ikkje nokre bilete frå turen. Bare eit litt ekkelt minne..

Finveret forsvann, og det same gjorde nesten heile vinden. 

Håper de får ein flott fredag, og for alle de som har ferie: NYT DEN!!!

Ingen kommentarer: