onsdag 27. juli 2011

På veg

tilbake til kvardagen. I alle fall eit lite skritt av gonga..

Helga og veka som har gått har vore spesiell.. Først dødsfall i næraste vennekrets, og så det tragiske som ramma oss.

Eg har vore så heldig at eg opp igjennom oppveksten,  har hatt fleire enn mine eigne besteforeldre. Pga nære venner frå barndomen av, har eg fått "låne" litt andre sine besteforeldre og. Det har betydd veldig mykje. At Farmor nå ikkje lenger er i livet kjennes tungt. Men eg er viss på at ho nå feire kvardagen med Jesus i Himmelen.

Sjølv om kvardagen fortida har stått litt i vakuum, har det likevel skjed ting i heimen :) Vi har endelig fått gjort litt på soverommet vårt her i Stavanger. Har vore litt grubling på kva eg skulle gjere for å få det koseleg.

Så ein dag vi heldt på å rydde litt i heimen (noko vi faktisk gjer ganske ofte :)), kom eg på at eg kunne jo bruke hylla vi hadde tatt av på tv-benken! Det var jo både lurt og praktisk!! Då får vi jo bruka hylla istaden for at den bare skal stå og ta opp plass! Og så er den ferdig malt om tv-skjenken skal tilbake til  opprinnelig utseende!! :) Og mannen gjekk med på ideen med ei gong :) Og det likar jo ungdomen :)

Så då var det jo bare å sette i gong :)

Og her er resultatet :) (Ps! Det er ikkje full høgde under taket i underetasjen vår)

På hylla står det bokstavene LOVE, desse fekk vi saman med det vesle bilete på sida, i bryllupspresang.

På bilete står det dette:
For meg er det viktig å kunne legge seg trygt etter å ha bedt Fader Vår. Og etter at eg såg desse flotte bileta som nå er komne på markedet måtte eg ha det.

Ramme kjøpt på IKEA, Fader Vår kjøpt på Fransk Landstil på Madla Amfi.
Syns det er så koseleg med desse arka og bileta som nå har kome igjen. Gjev meg barnsdomsminner, og minner om netter på bryggerhusloftet hos besteforeldra mine :)

Om nokon såg litt nøye på første bilete, såg du kanskje at det er ein liten bamse på nattbordet :)
Den har fylgd meg frå eg vart fødd. Fått av tanta mi :) Tante lever ikkje lenger, og til eldre eg har blitt dess meir betyr den for meg. Kanskje eg er litt barnslig?!

For øvrig er det bestemor som har hekla sengeteppet vi har på senga :) Er så glad for alt eg har fått oppigjennom og som eg nå kan ta i bruk og ha minner frå :)

Ha ein god kveld!

Tankene går framleis heile tida til det som har skjedd dei siste dagane, og alle dei som er ramma.. 


1 kommentar:

Ingrid Tunheim sa...

Ja, det har vært tunge dager og jeg er sikker på at vi vil reise oss sterkere, med bedre samhold og omtanke for hverandre. Dette som er hendt oss kommer vi aldri til å glemme, men livet må gå videre....

Jeg har også et gammelt dobbelt heklet sengeteppe som min gamle faster laget til meg....