Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg

mandag 1. august 2016

Omsorg



Først takk for alle oppmuntrende og gode kommentarer på dei siste innlegga mine!
Det er godt og kunne dele om dei tankene eg har rundt kvardagen min, og få så mykje omsorg tilbake.
Og som mange veit gjennom instagram, facebook og samtaler at den er ganske så heftig for tida.

Og det er vel nå i denne tida at eg har oppdaga på alvor kor mange som er rundt oss der ute. Både dei vi visste var der, og fra hold som eg ikkje hadde tenkt på ei gong!

Når eg, etter det som kunne vært ein vanskelig telefon, sit igjen med ein varme og umåtelig takknemlighet over denne personen eg snakka med, seier mykje om omsorga rundt oss! 

Eg får og stadig beskjed om at vi må sei ifra om det er noe dei kan gjer.
Dette er faktisk litt vanskelig å svare ja på. 
For eg føler ikkje heilt for å spør om/sei at: 
Jo takk, det hadde vært så godt om du kunne tenkt deg å hjelpt meg med å vaske rundt før helga..
Kan du tenke deg å hjelpe oss med å bli ferdig terassen vår? Det har stoppa litt opp..
Vi har ett vindfang som skulle vært gjort ferdig, kan du hjelpe oss med glassveggen som skal opp? 

Ja vi lever i et hus vi pusser opp, og av mange ulike grunner har dette stoppa opp for oss.
Men likevel sit det veldig langt inne å spør.
Kanskje det hadde vært lettere at noen plutselig stod på døra med middag, vaskebøtta, arbeidsklede på, og sa nå er eg her, sett meg i gang..
Men, skal nok gi beskjed om eg kjenner eg tør spør.


Blomar fra hagen

Tidligere i sommer blei eg "kommandert" ut på jentekveld, 
noe eg ikkje kan huske sist eg var på.
Og det var heilt fantastisk deilig!
Babbel, verdens beste vegetarpizza, snop og bare slappe av!
Sleppe kvardagen ei stund, og bare nyte.
 Eit lite lys i ein ganske mørk grå kvardag...


Takk!
Ha ei fin veke!





tirsdag 14. april 2015

Livet er så skjørt...

Som eit vindpust som farer forbi..

Vanskelig å forstå at noen kan gå så alt for tidlig...
Så plutselig.
Mennesker som ein set pris på. 
Som minnene bare er gode etter...

Plutselig bare borte..
Midt i den tida dei fleste priser våren og det nye livet..
Forsvant du..
Smilet ditt, omtanken, humøret..
Håper du har det bra der du er nå..

Livet er skjørt..
Som eit vindpust som farer forbi...






Life is so fragile.. Like a windblow..

torsdag 9. april 2015

15 år

Jepp.. 
15 år tok det for meg å faktisk få på meg langrennskia for å gå tur i påska.
Jada fjellgeita lenge leve!
Men så var det det der med å bli lei da..

Men har blitt mamma, og minnene fra påske og barndom kommer sterkt.
Så da var det bare å utnytte turen heim til fjellet i påska, 
til å kunne gi minner videre.
"Hula" vår bare noen 100 meter fra vegen, med gode muligheter til å gå og renne på ski.
Kjelke, ski og "bensin" var med. Og dagen blei like god som eg drømte om.

Stolt av å se dattera gå på ski for første gang.
Stolt av å se bonussønnen tørre renne bakken uten å falle.
Komme solbrent heim, og dagen etter se at eg glømte smøre dattera mer enn ei gang dagen før.
Nyte sola og bare være!


Hadde du ei god påske?

Nå skal våren ønskes velkommen for fullt, 
og sommeren forberedes.
Ha ei fortsatt god veke!

Had a fabolous Easter. Childhod memories, and creating new ones..
No I´m ready for spring!


onsdag 7. november 2012

Kos

Er månadens utfordring hos
Nib-jentene er KOS!

Og kva er ikkje kos når det uler rundt hushjørne, 
det regner vassrett, og ein kan nyte dette:


At dattera ligger å sover søtt på saueullsfellen i sofaen.
Mens eg kan plukke opp handarbeidet som ligg på korga på sida.


Og ein kan vel ikkje anna enn å smile ved dette synet?

Dette er kosen nok for meg for tida, sammen med noko varm drikke i ein kopp, 
litt levande lys på bodrdet.

Dette blir mitt bidrag i utfordringa denne månaden..
Vil du sjå fleire bidrag kan du klikke her.

My contribution to the monthly challenge at NIB.

søndag 28. oktober 2012

Kjærestetid

Er jammen ikkje alltid like lett å få til..
I alle fall ikkje med ei lita jente på tre(!)(fytti så fort det går) månader i hus.

Men vi fekk det til, takka vere super familie!

På bryllupsdagen vår, 9.okt, fekk vi endelig bruka gavekortet på spa vi fekk til bryllupet!
Så DEILIG!

Herlig scrub-behandling (sjokolade).



Og så ein nydelig treretters middag!



Viktig med egen- og kjærestepleie c,")

Får du tid til det?

Har du huska å stille klokka i dag?

Deilig å vere tilbake i Stavanger..

On our weddingday, we celebrated with a spa-treatment!
Lovely!
Do you have time for personal and  lovecare?


søndag 9. oktober 2011

Litt meir bryllup


Her kjem eit lite bilderas fra bryllupet. Har ikkje vist nokon ting her inne på bloggen, så tenkte eg skulle gjere det nå c,")
Bordpynt og kakepynt er gjort privat. Veldig fornøgd med resultatet c,")
Sidan vi gifta oss på hausten, og vi begge er glad i haustfargane, valgte vi å ha dei som raud trå gjennom pyntinga.










Vi valgte å ha levande blomar på kaka.. 


Brudebuketten hadde eg ikkje sett før eg kom i kyrkja. 
Hadde bare gitt litt instrukser om korleis eg hadde sett den for meg.
Mannen hadde gjort ein god jobb i butikken! c,")



Det står 10 langstilka roser på bordet!

Min kjære kom heim med desse på fredag (han hadrjobbehelg med dobble vakter):



For for eit år sidan skjedde dette:


09.10.10 . Beste dagen i mitt liv! Heldige oss hadde ein nydelig høstdag, med beste venner og familie runde oss!

Og året har gått kjempefort!!

Like forelska og endå meir glad i min fantastiske mann!


I have 10 long-stemmed roses om my table. This because we have been married 1 year!



onsdag 3. august 2011

Søskenkjærleik

Det første kunstmaleriet eg kjøpte heiter Syskenkjærleik. Det er ein lokal kunstnar frå Bygland i Setesdal som har måla det. Heldige meg kjenner henne personlig, og blir bare meir og meir glad i bileta hennes :)

Den flotte kunstnaren heiter Mona Ida!  Bilete mitt er ein delvis handkolorert litoprøve. Det vil sei at det er trykkt, for så å måla over for hånd. 

Er så glad i det bilete! Er så indelig på ei måte. :)

Mona Ida er nok mest kjend for sine bunadsbilete i  ulike settingar, men har og andre nydelige trykk og måleri.

Anbefaler deg å ta ein liten svipptur inn på heimesida hennes. (trykk på heimesida for å kome dit)

Ha ein flott ettermiddag i det flotte veret!!

fredag 29. juli 2011

Takknemlighet og ettertanke

Først vil eg takke så mykje for alle som les bloggen min!!
Set veldig stor pris på dykk og tilbakemeldingane!
Alltid koselig me kommentarer og helsigar :)


Så over til noko som alle tenker på for tida. Det har gått ei veke, dei første er gravlagte. Vi blir oppfordra til å vise medmennesklighet, omsorg og kjærleik. Håpar vi klarer å beholde dette for all framtid!
Kjenne på dette gjennom dei andre kjenslene!

I morgon er det Tall Ships Races det går i (forandring i planene i dag), så håper på å få tatt ein del bilete frå dei flotte båtane, og ikkje minst frå Statsraad Lehmkul som eg var på tur med i 2005!

Ha ei god natt!


onsdag 27. juli 2011

På veg

tilbake til kvardagen. I alle fall eit lite skritt av gonga..

Helga og veka som har gått har vore spesiell.. Først dødsfall i næraste vennekrets, og så det tragiske som ramma oss.

Eg har vore så heldig at eg opp igjennom oppveksten,  har hatt fleire enn mine eigne besteforeldre. Pga nære venner frå barndomen av, har eg fått "låne" litt andre sine besteforeldre og. Det har betydd veldig mykje. At Farmor nå ikkje lenger er i livet kjennes tungt. Men eg er viss på at ho nå feire kvardagen med Jesus i Himmelen.

Sjølv om kvardagen fortida har stått litt i vakuum, har det likevel skjed ting i heimen :) Vi har endelig fått gjort litt på soverommet vårt her i Stavanger. Har vore litt grubling på kva eg skulle gjere for å få det koseleg.

Så ein dag vi heldt på å rydde litt i heimen (noko vi faktisk gjer ganske ofte :)), kom eg på at eg kunne jo bruke hylla vi hadde tatt av på tv-benken! Det var jo både lurt og praktisk!! Då får vi jo bruka hylla istaden for at den bare skal stå og ta opp plass! Og så er den ferdig malt om tv-skjenken skal tilbake til  opprinnelig utseende!! :) Og mannen gjekk med på ideen med ei gong :) Og det likar jo ungdomen :)

Så då var det jo bare å sette i gong :)

Og her er resultatet :) (Ps! Det er ikkje full høgde under taket i underetasjen vår)

På hylla står det bokstavene LOVE, desse fekk vi saman med det vesle bilete på sida, i bryllupspresang.

På bilete står det dette:
For meg er det viktig å kunne legge seg trygt etter å ha bedt Fader Vår. Og etter at eg såg desse flotte bileta som nå er komne på markedet måtte eg ha det.

Ramme kjøpt på IKEA, Fader Vår kjøpt på Fransk Landstil på Madla Amfi.
Syns det er så koseleg med desse arka og bileta som nå har kome igjen. Gjev meg barnsdomsminner, og minner om netter på bryggerhusloftet hos besteforeldra mine :)

Om nokon såg litt nøye på første bilete, såg du kanskje at det er ein liten bamse på nattbordet :)
Den har fylgd meg frå eg vart fødd. Fått av tanta mi :) Tante lever ikkje lenger, og til eldre eg har blitt dess meir betyr den for meg. Kanskje eg er litt barnslig?!

For øvrig er det bestemor som har hekla sengeteppet vi har på senga :) Er så glad for alt eg har fått oppigjennom og som eg nå kan ta i bruk og ha minner frå :)

Ha ein god kveld!

Tankene går framleis heile tida til det som har skjedd dei siste dagane, og alle dei som er ramma.. 


mandag 25. juli 2011

Fotspora

En natt hadde en mann en drøm. Han drømte at han spaserte langs stranden sammen med Herren! Over himmelen kom bilder fra livet hans til syne. For hvert bilde han så, oppdaget han at det var to par fotspor i sanden; det ene var hans egne, og det andre var Herrens. Da det siste bilde fór forbi over himmelen, så han tilbake på fotsporene i sanden. Han la merke til at mange ganger i livets løp var det bare ett par fotspor.


Da oppdaget han også at det var de gangene da livet hans hadde vært vanskeligst og mest smertefullt.

Dette forsto han ikke, så han spurte Herren: Herre, du sa en gang at da jeg bestemte meg for å følge deg, så ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg. Men nå ser jeg at da min nød var størst og livet vanskeligst å leve, da er det bare ett par fotspor. Jeg forstår ikke hvorfor du forlot meg da jeg trengte deg mest.


Da svarte Herren: Mitt kjære og dyrebare barn! Jeg elsker deg og vil aldri forlate deg. De gangene i livet ditt da prøvelsene og lidelsene dine var størst - og du bare kan se ett spor i sanden, det var de gangene da jeg bar deg i armene mine.


Det viktigaste vi nå kan gjere er å be for dei etterlatne, alle som var på øya, og dei sakna.
Vise kjærleik og håp for framtida og det norske folk! 


søndag 24. juli 2011

Kjærleik



"Hvis en mann kan vise så mye hate, tenk på hvor mye kjærlighet vi kan vise sammen!"
(overlevende fra Utøya til CNN)