søndag 31. juli 2011

Ha ein god søndag!

Stikker bare innom ein rask tur for å ønske alle ein flott søndag!
Her i huset er eigentlig søndag ein kose og hobbydag, men dagen er i dag eit unntak. Blir sånn av og til når formen ikkje alltid er like god. Så då blir rydding, vaksing, og ikkje minst litt blomecare :) (Stakar blomane mine ute har lidd litt i det siste).

Ønsker alle der ute der ute ein god og koselig sommarsøndag!

lørdag 30. juli 2011

Flotte skip og mykje folk!

I dag er det dette som har vore lørdagskosen!
Kost oss i byen å eit veldig familievennleg opplegg!
Tall ships Races er lagt opp rundt familie, men fleire plassar å ete, aktivitetar for barna i ulik alder, og fleire opne skip.


Dette, var synet som vi kom til på Torget i byn :)

Statsraad Lehmkuhl ligg innerst i Vågen, som vinnande etappeskip. Det er det største seilskipet i Norge. Dette, sammen med Fullriggeren Sørlandet og Christian Radich, er dei tre seilskipa som er mest kjent av dei norske skipa som er med.
Her var det lange køar for å komme ombord :)





Bort mot Oljemuseet stod Tanager kystskipselskap, med Stinefiske for barna. Ein del av det som er fanga ligg i balja :)

Redningsselskapet hadde med seg to små redningsbåter som barna fekk sitte på med :) Dette var også veldig populært :)

I morgon reiser skipa videre til Halmstad i Sverige. Så ta gjerne turen ut til Tungenes eller Vardeneset for å ønske dei god tur vidare!!
Avreise frå Stavanger er frå 12-14!


Som ei lita avslutning må eg vise dette flotte skipet som låg inne! Skikkelig sjørøverskip!

Dette er og et innlegg om hva en kan gjøre for barnefamilier i Sandnes i sommer.

fredag 29. juli 2011

Takknemlighet og ettertanke

Først vil eg takke så mykje for alle som les bloggen min!!
Set veldig stor pris på dykk og tilbakemeldingane!
Alltid koselig me kommentarer og helsigar :)


Så over til noko som alle tenker på for tida. Det har gått ei veke, dei første er gravlagte. Vi blir oppfordra til å vise medmennesklighet, omsorg og kjærleik. Håpar vi klarer å beholde dette for all framtid!
Kjenne på dette gjennom dei andre kjenslene!

I morgon er det Tall Ships Races det går i (forandring i planene i dag), så håper på å få tatt ein del bilete frå dei flotte båtane, og ikkje minst frå Statsraad Lehmkul som eg var på tur med i 2005!

Ha ei god natt!


torsdag 28. juli 2011

Apekatt

Tenkte eg skulle vise min fine apekatter :o)  Fekk dei av ei god veninne for nokre år tilbake(kanskje ho hinta om noko?). Og eg fallt pladask!

Ha ein flott torsdag :o) 


onsdag 27. juli 2011

På veg

tilbake til kvardagen. I alle fall eit lite skritt av gonga..

Helga og veka som har gått har vore spesiell.. Først dødsfall i næraste vennekrets, og så det tragiske som ramma oss.

Eg har vore så heldig at eg opp igjennom oppveksten,  har hatt fleire enn mine eigne besteforeldre. Pga nære venner frå barndomen av, har eg fått "låne" litt andre sine besteforeldre og. Det har betydd veldig mykje. At Farmor nå ikkje lenger er i livet kjennes tungt. Men eg er viss på at ho nå feire kvardagen med Jesus i Himmelen.

Sjølv om kvardagen fortida har stått litt i vakuum, har det likevel skjed ting i heimen :) Vi har endelig fått gjort litt på soverommet vårt her i Stavanger. Har vore litt grubling på kva eg skulle gjere for å få det koseleg.

Så ein dag vi heldt på å rydde litt i heimen (noko vi faktisk gjer ganske ofte :)), kom eg på at eg kunne jo bruke hylla vi hadde tatt av på tv-benken! Det var jo både lurt og praktisk!! Då får vi jo bruka hylla istaden for at den bare skal stå og ta opp plass! Og så er den ferdig malt om tv-skjenken skal tilbake til  opprinnelig utseende!! :) Og mannen gjekk med på ideen med ei gong :) Og det likar jo ungdomen :)

Så då var det jo bare å sette i gong :)

Og her er resultatet :) (Ps! Det er ikkje full høgde under taket i underetasjen vår)

På hylla står det bokstavene LOVE, desse fekk vi saman med det vesle bilete på sida, i bryllupspresang.

På bilete står det dette:
For meg er det viktig å kunne legge seg trygt etter å ha bedt Fader Vår. Og etter at eg såg desse flotte bileta som nå er komne på markedet måtte eg ha det.

Ramme kjøpt på IKEA, Fader Vår kjøpt på Fransk Landstil på Madla Amfi.
Syns det er så koseleg med desse arka og bileta som nå har kome igjen. Gjev meg barnsdomsminner, og minner om netter på bryggerhusloftet hos besteforeldra mine :)

Om nokon såg litt nøye på første bilete, såg du kanskje at det er ein liten bamse på nattbordet :)
Den har fylgd meg frå eg vart fødd. Fått av tanta mi :) Tante lever ikkje lenger, og til eldre eg har blitt dess meir betyr den for meg. Kanskje eg er litt barnslig?!

For øvrig er det bestemor som har hekla sengeteppet vi har på senga :) Er så glad for alt eg har fått oppigjennom og som eg nå kan ta i bruk og ha minner frå :)

Ha ein god kveld!

Tankene går framleis heile tida til det som har skjedd dei siste dagane, og alle dei som er ramma.. 


mandag 25. juli 2011

Fotspora

En natt hadde en mann en drøm. Han drømte at han spaserte langs stranden sammen med Herren! Over himmelen kom bilder fra livet hans til syne. For hvert bilde han så, oppdaget han at det var to par fotspor i sanden; det ene var hans egne, og det andre var Herrens. Da det siste bilde fór forbi over himmelen, så han tilbake på fotsporene i sanden. Han la merke til at mange ganger i livets løp var det bare ett par fotspor.


Da oppdaget han også at det var de gangene da livet hans hadde vært vanskeligst og mest smertefullt.

Dette forsto han ikke, så han spurte Herren: Herre, du sa en gang at da jeg bestemte meg for å følge deg, så ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg. Men nå ser jeg at da min nød var størst og livet vanskeligst å leve, da er det bare ett par fotspor. Jeg forstår ikke hvorfor du forlot meg da jeg trengte deg mest.


Da svarte Herren: Mitt kjære og dyrebare barn! Jeg elsker deg og vil aldri forlate deg. De gangene i livet ditt da prøvelsene og lidelsene dine var størst - og du bare kan se ett spor i sanden, det var de gangene da jeg bar deg i armene mine.


Det viktigaste vi nå kan gjere er å be for dei etterlatne, alle som var på øya, og dei sakna.
Vise kjærleik og håp for framtida og det norske folk! 


søndag 24. juli 2011

Kjærleik



"Hvis en mann kan vise så mye hate, tenk på hvor mye kjærlighet vi kan vise sammen!"
(overlevende fra Utøya til CNN)

lørdag 23. juli 2011

Ubeskrivelig




Tankene krester, og klarer ikkje finne ro. Bønnene går ut ustanselig.. 

"Et kjærlig hjerte kjenner alltid følelsene som ord ikke alltid kan uttrykke"
(ukjent)

Off!

Tanker og bønner går i dag til Norge som nasjon, alle venner og andre kjente i Oslo. Og ikkje minst for alle ramma i oslo og på Utøya.

Dette er vanskelig å fatte!

torsdag 21. juli 2011

Litt meir detaljer fra mitt sommerparadis

I innlegget om mitt sommerparadis var det bare nokon få detaljbilete.
Her kjem eit lite biletregn med detaljar. Kanskje nokon får idear til sin eigen hage?

Gamle rosesorter.


Juleroser og marikåpe. Nydelig og derkorativt til bukett.
Tempeltre - kan bli 20-30 (!) meter høgt.



Øverst: Vanlig skogsfuru planta i bede, lener seg til steinen.
Midterst: Hortensia på stamme. Nydelig når blomane er i full blom.
Nederst: Rosebusk som trives godt på framsida av huset.

Det er planta fleire ulike lavendelstauder rundt om i bedet. Nydelig, og sneglar likar den ikkje!!!

Håpar dette har gjeve litt glede!

Her er det Glad maten som er fokuset! Håper sola blir her heile veka :)



Eg ville skjekka isolasjonen i den veggen var eg deg..

Det veks jo grein ut av den!


Jepp, det var reaksjonen frå broremann då han var på besøk :)

Og ja, det ser jo kanskje sånn ut. Lenge leve fiskesene :) Er veldig glad i den greina, men den er litt vanskelig å bruke.
Det som henger der nå er ein liten søt engel, som tar seg ein liten "cowboy-nap" på månen.. Hardt å vere liten, veit du :)
Der heng og ei lita flaske med fil de fer på :) Ingen blom i den akkurat nå, men er bruka fleire gonger til det :)
Og så heng det lavendel til tørk, fått frå hagen eg har vist før. Veldig godt dekorativt :)
Det varierer litt med humør og stemning hos meg kva som heng der :)




tirsdag 19. juli 2011

Jippi!!

Da har eg og fått meblemskap i Nib!!!

lørdag 16. juli 2011

Sommerparadis

Sjølv om det er for seint å bli med på utfordringa til Nib, ønsker eg å vise det som har vore mitt paradis om sommaren i maaange år :)

Velkommen inn!

Skyggen fra epletreet er god på ein varm sommardag!
(Far i huset har spesialskåret treet til å gi skygge)

Deilig syn å kvile augene på,saman med venner eller bare kaffikoppen :)

Ein koseleg steinbenk i "rundkjøringa" :) Deilig å bare sitte å nyte sommarduftene.


Framtidig gøymeplass for barnebarna ?! :)


 Hagen er ein fryd for auge frå vegen og :)
 Treng ikkje luke når ein plantar bergknapp i grusen... 
Rosebed med innslag av tuhja av ulike slag. 

Alle slags tre kan klyppas som bonsai :)
 Litt meir detaljar frå hagen..



Håper de og kan nyte noko av dette! Her er eg så ofte eg kan på sommaren!